Gorbea
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gorbea eller Gorbeia er eit fjell og eit massiv i regionen Baskarland i Spania. Fjellet er det høgaste i provinsane Bizkaia og Alava med ei høgd på 1481 meter over havet. Massivet dekkjer eit stort område i dei to provinsane. Hovudfjellet er ein rund grasdekt fjelltopp med ein 20 meter høg metallkross, som er reist for å nå over 1500 meter over havet. Andre fjell i massivet er Lekanda (1301 moh) og Aldamin.
Gorbea | |||
fjell | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Bizkaia/Alava | ||
Fjellkjede | Baskarfjella | ||
Høgd | 1 481 moh. | ||
Primærfaktor | 867 m | ||
Lettast tilkomst | Frå Pagomakurre (900 m) | ||
Koordinatar | 43°02′06″N 2°46′48″W | ||
Gorbea 43.035°N 2.7798805555556°W | |||
Wikimedia Commons: Gorbeia | |||
Delar av massivet grensar til det høge karstplatå Itxina, eit intrikat landskap av kalkstein med mange sjakter og grotter, som Supelegor.
Heile massivet er ein del av ein naturpark på 200 km² oppretta av dei baskiske styresmaktene i 1994 for å bevare den lokale bøka og eika, samt villsvin og hjort.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.