From Wikipedia, the free encyclopedia
Gol er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gol kommune i Buskerud. Han er den største tettstaden i Hallingdal, med 3 291 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Gol | |||
tettstad | |||
Hovudgata i Gol i Hallingdal. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Gol | ||
Areal | 3,92 km² | ||
Folketal | 3 291 (2023) | ||
Folketettleik | 840 / km² | ||
Postnummer | 3550 Gol | ||
Innbyggjarnamn | goling | ||
Preposisjon | på Gol | ||
Gol 60.6994°N 8.95°E | |||
Wikimedia Commons: Gol (village) | |||
Gol ligg der riksveg 52 frå Hemsedal møter riksveg 7, som bind Geilo saman med Vikersund. Bygda er eit viktig handels-, teneste- og kommunikasjonssenter og har ein del turisme, med fleire butikkar og hotell.[1] På Gol er det grunnskule, Gol vidaregåande skule, Hallingdal folkehøgskule og Gol bygdemuseum, ein del av Hallingdal Museum. Gol stasjon er stoppestad for Bergensbanen. Gol kyrkje på Gol er ei langkyrkje i tre frå 1882. Gol stavkyrkje, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart i 1884 flytta til Norsk Folkemuseum i Oslo. Ein kopi av denne kyrkja, Gol nye stavkyrkje, er oppført i familieparken Gordarike på Gol.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.