![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/be/Glyndebourne_Opera_house._geograph-1834990-by-Oast-House-Archive.jpg/640px-Glyndebourne_Opera_house._geograph-1834990-by-Oast-House-Archive.jpg&w=640&q=50)
Glyndebourne Festival Opera
From Wikipedia, the free encyclopedia
Glyndebourne Festival Opera eller berre Glyndebourne er ein britisk operafestival som finn stad ved Glyndebourne, eit gods utanfor Lewes i East Sussex i England.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/be/Glyndebourne_Opera_house._geograph-1834990-by-Oast-House-Archive.jpg/640px-Glyndebourne_Opera_house._geograph-1834990-by-Oast-House-Archive.jpg)
Sidan selskapet blei skipa har Glyndebourne særleg blitt kjend for produksjonar av Mozart sine operaer.[1] Fleire opptak av historiske oppføringar av Mozart ved Glyndebourne er blitt gjevne ut.[2] Andre kjende produksjons er Porgy and Bess, av George Gershwin på 1980-talet, regissert av Trevor Nunn og sidan teke ut frå Glyndebourne og filma for fjernsyn i 1993. I tillegg til verk av Mozart har repertoaret ved selskapet oppføt operaer av Janáček[3][4] og Händel.[5]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4d/Glyndebourne_2.jpg/640px-Glyndebourne_2.jpg)
Festivalen blei skipa av familien Christie, som har stått for arrangementet kvart år sidan 1934, bortsett frå krigsåra 1941–45 og i 1993, då konserthuset blei ombygd. Gus Christie, son av sir George Christie og soneson av festivalgrunnleggjaren John Christie, blei formann for festivalen i 2000.[6] I januar 2014 blei Robin Ticciati den sjuande musikalske leiaren for verksemda.[7][8]
Hovudorkesteret for Glyndebourne-festivalen er London Philharmonic Orchestra, som har hatt stillinga sidan 1964. Festivalen er også knytt til Orchestra of the Age of Enlightenment.