From Wikipedia, the free encyclopedia
Glendalough (/ˌɡlɛndəˈlɒx/; irsk Gleann Dá Loch, 'Dalen med to sjøar') er ein bredal i County Wicklow på Irland. Han er kjend for eit mellomalderkloster som blei grunnlagd på 500-talet av den heilage Kevin. Frå 1825 til 1957 blei det vunne ut blyglans i den øvre delen av dalen. Glendalough er ein populær stad å vitja for å ha piknik, gå tur og driva fjellklatring.
Glendalough | |||
Lower Lake og klosterbusetjinga frå Brockagh-fjellet | |||
Land | Republikken Irland | ||
---|---|---|---|
Glendalough 53.010277777778°N 6.3275°W | |||
Wikimedia Commons: Glendalough | |||
Nettstad: www | |||
Den heilage Kevin stamma frå ein av høvdingslektene i Leinster. Som liten blei han oppseda av tre heilage menn, Eoghan, Lochan og Eanna. I løpet av denne tida drog han til Glendalough. Han vende tilbake dit seinare med ei lita gruppe mnkar for å grunnleggja eit kloster der 'to elvar renn saman'. Han blei kjend som ein heilag mann, og mange følgjesveinar strøymde til han. Ifølgje tradisjonen døydde han rundt 618. Dei neste seks hundreåra hadde dalen eit rikt liv. Dei irske annalane listar opp abbedar som døydde og raid på busetjinga.[1]
Glendalough-dalen blei danna under den siste istida av ein isbre som la att ein morene langs eine enden av dalen. Elva Poulanass, som renn inn i dalen frå sør via Poulanass-fossen, danna eit elvedelta som etterkvart delte den opphavlege sjøen her i to.[2] Rundt dalen ligg fjella Camaderry på 699 meter, vasskraftstasjonen ved Turlough Hill (681 m), det store massivet Conavalla (734 m) som dominerer den øvre delen av dalen, og toppane Lugduff (652 m) og Mullacor (661 m).[3][4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.