From Wikipedia, the free encyclopedia
Glasiale danningar er avsetningar og fenomen som direkte eller indirekte kjem av isbrear. Dette gjeld særleg dei store ismassane etter den siste istida, men òg noverande isbrear. Glasiale danningar vert delte inn i morener, glasifluviale eller breelvdanningar, i tillegg til glasilakustrine eller bresjø og glasimarine sediment eller ishavssediment.
Andre glasiale danningar er fjordar, U-dalar, hengedalar, dalbotnar, rundsva, dødisgroper, skuringsstriper og flyttblokker.
Morener er landskapsformer og avsetningar som har oppstått i samband med rørsla og nedsmeltinga til isbreane.
Glasifluviale danningar er landskapsformer og avsetningar som har oppstått som følgje av elvar av smeltevatn frå breane. Døme på dette er jettegryter på stader det det no ikkje renn elvar, tørre elveløp på grusterrasar, og avleiringar av stein, grus og sand avsett av elvane. Desse sedimenta vert kalla glasifluviale sediment.
I Noreg vart det avsett store sand- og grusmassar føre breane då isen trekte seg attande. Desse utgjer i dag vide, flate moar, som til dømes Eggemoen på Ringerike og sandmoane på Romerike. I Nord-Tyskland og Danmark finst det enno større grus- og sandmassar som har oppstått på same måte.
Glasilakustrine sediment er sediment som er avsett i ein bresjø. Typiske avsetningar er varvig leire.
Glasimarine sediment er sediment som er avsett i saltvatn i nærleiken av ein bre. Typiske avsetningar er glasialleire.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.