Gjerdesmett
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjerdesmett (Troglodytes troglodytes) er ein liten fugl, og den einaste medlemmen av gjerdesmettfamilien Troglodytidae med leveområde utanfor Amerika. Gjerdesmetten lever i Europa og Maghreb i Afrika, og gjennom eit belte av Asia frå det nordlege Iran og Afghanistan over til Japan. I Noreg er han utbreidd nord til Troms, og treffast berre sjeldan i Finnmark. Han er trekkfugl berre lengst nord i utbreiingsområdet.[1] Arten er òg svært polygynisk («fleirkoneri»), eit uvanleg sosialt system for sporvefuglar.
Gjerdesmett | |
Gjerdesmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av gjerdesmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Troglodytes |
Art: | Gjerdesmett T. troglodytes |
Vitskapleg namn | |
Troglodytes troglodytes |
Det vitskaplege namnet er henta frå det greske ordet troglodytes (frå 'trogle' eit hol, og 'dyein' for å krype), sett saman tyder det 'holebuar',[2] og viser til vanen denne fuglen har med å forsvinne inn i holrom eller sprekker i jakta etter leddyr eller for å søke skjulestader.
I engelskspråkleg del av Europa er gjerdesmetten idag kjent berre som 'Wren' i staden for det fulle namnet 'Eurasian wren'. Men tidlegare var Troglodytes troglodytes nemnt 'Winter Wren', med utbreiing òg i Nord-Amerika. Frå ca. år 2011 blei taksonet splitta opp i tre, med to nye artar, vintersmett, Troglodytes hiemalis, i austlege Nord-Amerika, og barsmett, Troglodytes pacificus, i vestlege Nord-Amerika.[3] Det er anslått at barsmett og gjerdesmett sist delte ein felles stamfar for ca. 4,3 millionar år sidan, lenge før dei glasiale syklusane i pleistocen er trudd å ha fremja artsdanning i mange fuglelinjer i den boreale skogen i Nord-Amerika.[4]