Ginkgoales er ein planteorden av nakenfrøingar som berre inneheld ein enkelt nolevande art: Tempeltreet (Ginkgo biloba).[1] Slektstreeet til dei nakenfrøa plantane har vore relativt godt forstått lengje, men systematikken over familienivå har vore varierande. Sidan divisjonar, klassar og ordenar har ulike fastsette endingar i botanikk, viser både Ginkgopsida eller Ginkgoopsida (klasse) og Ginkgophyta (divisjon) til den same gruppa.[2]
Ginkgoales | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Ginkgophyta |
Klasse: | Ginkgoopsida |
Underklasse: | Ginkgoidae |
Orden: | Ginkgoales Gorozh., 1904 |
Utvikling
Gruppa omfattar fem familiar. Dei hadde den største artsrikdommen sin frå siste halvdel av jura til tidleg krit. Dei var særleg utbreidde i Asia, der det fanst tre familiar.[3] Av desse er det berre tempeltrefamilien som enno har levande representantar.
Ginkgoales er rekna som nære slektningar av dei dekkfrøa plantane. Familien Schmeissneriaceae har frø der griffelen veks igjen etter befrukting, tilsvarande situasjonen hjå dekkfrøa plantar. Det er tvil om Schmeissneriaceae tilhøyrer ginkgoane i det heile, eller om Ginkgoales er ei parafyletisk gruppe.
Familiar
Inndelinga i familiar hjå ginkgoar er usikker. I dei fleste tilfelle har ein berre blad å gå på, og i nokre tilfelle frukter.[1]
Galleri av ginkgo-fossil
- Eit 7 cm breitt Ginkgo biloba-blad. Klondike-fjellformasjonen, Washington. Eocen, 49 millionar år gammalt
- Ginkgo biloba-blad frå MacAbee, British Columbia, Canada. Eocen
- Fossil av Ginkgoites huttoni. Biletet frå Naturalis Museum i Leyden i Nederland.
- Blad av Ginkgoites huttoni frå Scarborough i England. Midtre jura, ca. 165 millionar år gamle
Referansar
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.