Gildeskål kommune
kommune i Nordland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gildeskål er ein kommune i Salten i Nordland. Han grensar mot Bodø kommune i nord, mot Beiarn i aust og mot Meløy i sør. Kommuneadministrasjonen ligg på Inndyr.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Gildeskål kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Inndyr | ||
Areal | 664,7 km² | ||
• land | 622,83 km² | ||
• vatn | 41,87 km² | ||
Folketal | 1 958 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Bjørn Magne Pedersen (H) | ||
Kommunenr. | 1838 | ||
Gildeskål kommune 67.033°N 14.033°E / 67.033; 14.033 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Gildeskål | |||
Nettstad: www.gildeskal.kommune.no | |||
Lukk
Gildeskål er eit gamalt gardsnamn som kan stamme frå norrønt Gildiskáli, ein stad med ei skål eller hov for gilde, eit hus der ein har gilde.[1] Kommunen brukar teksten «Å eg veit meg eit land ..» som slagord og uttrykk for visjonen om å vere ein attraktiv kommune med tydeleg identitet.