Barndomsminne frå Nordland
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Barndomsminne (Frå Nordland)», med førstelina «Aa eg veit meg eit Land», er ein song skriven av Elias Blix. Diktet vart fyrste gongen publisert usignert i avisa Den 17de Mai 13. august 1896 og publisert i bokform for første gong i Elias Blix si Salmar og Songar i 1900.
Med den vaknande Vaar
Avslutningslinene i Blix' «Barndomsminne» |
Originalversjonen har åtte vers. Han er sidan trykt i mange songbøker, mellom anna i Mads Bergs Skulesongbok. Der er tonen ein norsk folketone som høver med versemålet slik songen opphavleg er skriven. Meir kjend er tonen som vart skriven av Adolf Thomsen i 1901, med dei kjende repetisjonane i omkvedet. Med denne tonen vert første verset av songen som er kalla «Nord-Noregs nasjonalsong» sungen før alle heimekampane til Fotballklubben Bodø/Glimt.[1]