Gibraltar
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flagg | Rikssegl |
Status | Britisk kronkoloni |
---|---|
Guvernør og øvstkommanderande Sjefsminister |
David Steel Fabian Picardo |
Hovudstad | Gibraltar |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
6,8 km² 0 |
Folketal - totalt |
ca. 32 688 (2022) |
Verdsdel | Europa |
Internet-domene | .gi |
Tidssone | UTC +2 |
Internasjonal telefonkode | +350 (utanom i Spania) |
Nasjonalsong | Gibraltar Anthem God Save the King |
Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium som ligg sørvest i Europa. Territoriet har ei 1,2 km lang grense mot Spania og ei 12 km lang kystlinje. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.
Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».
Gibraltar vart overført til Storbritannia frå Spania i 1713 gjennom Freden i Utrecht. Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.[1]
Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle høyra til. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.
I juli 2022 hadde Gibraltar om lag 32 700 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar høyrer til den romersk-katolske kyrkja.
Gibraltar høyrer til Storbritannia, som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den britiske krona.
Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.