Dei geomagnetiske polane er motsette punkt der aksane til ein teoretisk dipol bryt jordoverflata. Denne dipolen er som ein kraftig magnet i sentrum av jorda, og det er denne teoretiske dipolen som er det næraste ein kjem ei forklaring på det magnetiske feltet ved jordoverflata. I røynda er ikkje dei magnetiske polane to motsette punkt - det vil sei at dei ligg ikkje på ei linje som går gjennom sentrum av jorda.

Thumb
Figur av skilnaden mellom geomagnetiske polar (Nm og Sm) og geografiske polar (Ng og Sg).

På grunn av væskerørsle i den ytre kjernen til jorda flyttar dei geomagnetiske polane seg heile tida. I tusenvis av år har retninga deira i snitt omtrentleg følgd rotasjonsaksen til jorda, men med nokre millionar års mellomrom bytar polane plass (nord byter plass med sør).

Sidan den magnetiske nordpolen trekkjer til seg nordpolen på ein magnet, er han fysisk sett i røynda ein sørleg magnetisk pol. I 2010 låg den magnetiske nordpolen omtrent ved 80.08°N 72.21°W / 80.08; -72.21 (Geomagnetic North Pole 2010 est), på Ellesmere Island.[1]

Dei geomagnetiske polane flyttar seg på grunn av smelta jernlegeringar som rører seg i den ytre kjernen av jorda. Dei siste 150 åra har polane flytta seg vestover med kring 0,05° to 0,1° per år, og lite nord og sør.[2]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.