From Wikipedia, the free encyclopedia
Gena Turgel (fødd Goldfinger; 1. februar 1923–7. juni 2018) var ein polskfødd britisk forfattar og holocaustoverlevande.[1][2] Ho overlevde Auschwitz og gifta seg med ein av soldatane som frigjorde Bergen-Belsen.
Gena Turgel | |
Statsborgarskap | Polen, Storbritannia |
Fødd | 1. februar 1923 Kraków |
Død |
7. juni 2018 (95 år) |
Yrke | skribent, lærar |
Gena Turgel på Commons |
Gena Turgel var yngst av ni sysken i ein velståande jødisk familie i Kraków. Foreldra Samuel og Estera Goldfinger dreiv eit tekstilfirma.[1][2][3][4][5] Faren døydde då ho var barn og mora tok over drifta av firmaet.[6]
Under den tyske okkupasjonen blei familien Goldfinger i 1941, saman med andre jødar, stua saman i gettoen i Kraków. Firma, bustad og andre eigendelar blei beslaglagde. Dei ble deretter ført til Płaszów konsentrasjonsleir, før dei i 1944 blei sende til fots til Auschwitz. Ho fortalde seinare at ho blei send inn i eit slags dusjrom saman med fleire hundre andre utan at noko skjedde: Ho kom seinare til at det var eit gasskammer og at ein teknisk svikt redda livet hennar.[1][2][3][4][5][6]
Systera Hela døydde med store smerter då Josef Mengele utførte eit medisinsk eksperiment på ho i Auschwitz.[7]
Då Auscwitz blei tømd i januar 1945, blei Gena og mora (dei siste overlevande i familien) sende på fire vekers dødsmarsj til Buchenwald og vidare til Bergen-Belsen. I Bergen-Belsen arbeidde ho på sjukestova og hjelpte til med å pleie Anne Frank, som var dødssjuk av tyfus. Leiren blei frigjord av britiske styrkar 15. april 1945, og blant soldatane var Norman Turgel.[1][2][3][4][5][8] Ho har skildra synet av Bergen-Belsen som haugar av lik overalt, det var ikkje mogleg å avgjere om det berre var skjelett eller om det var kvinner eller om det var menn.[9]
When I arrived in Bergen-Belsen concentration camp, I saw heaps of bodies lying around. Not just one or two, but mountains as high as a tree in the garden. You could not distinguish if they were men or women – bones, skeletons, children’s bodies. You can’t possibly imagine the state of the place, it was horrendous.
Norman Turgel var del av ei etterretningseining med oppdrag å arrestere SS-kommandantar, blant anna var han med på arrestasjonen av leirkommandant Josef Kramer. Tre dagar etter at dei møtte kvarandre på sjukehuset i Bergen-Belsen blei dei, til overrasking for Gena, trulova, dei hadde knapt nok innleia eit forhold.[7][11] Ho var avmagra og svært medteken.[12] Gena Goldfinger og Norman Turgel gifta seg i ein synagoge i Lübeck 7. oktober 1945, til stor glede for dei overlevande jødane i forsamlinga.[1][2][3][4][5]
Historia om Gena og Norman Turgel ble eit populært gladnyhende i den vanskelege tida. Britiske aviser kalla Gena for Bride of Belsen.[1][2][3][4][5] Då ho og Norman kom frå Tyskland til London blei dei møtte av journalistar.[13] Gena Turgel sydde brudekjolen av fallskjermstoff, og han er stilt ut i Imperial War Museums.[14][15][16] Den jødiske militærkapellanen (seinare rabbinaren) Leslie Hardman stod for vigsla. Hardman var med då britiske styrkar frigjorde Bergen-Belsen og stod for gravferdsseremonien av rundt 20 000 daude i leiren.[17][18][19]
Gena Turgel var den einaste av ni sysken som overlevde holocaust. Mora overlevde. Ekteparet Turgel slo seg ned i Storbritannia, og ho brukte etterkvart mykje av tida si på å formidle historia om holocaust. Memoarane hennar, I Light a Candle, kom ut i 1987.[1] I 2000 utnemnde dronning Elizabeth ho til medlem av Order of the British Empire (MBE) for arbeidet med å lære nye generasjonar om holocaust.[20][21][22]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.