From Wikipedia, the free encyclopedia
Gemma eller Alfa Coronae Borealis (α CrB, α Coronae Borealis, Alphecca) er ei dobbeltstjerne i stjernebiletet Den nordlege krona. Ho ligg kring 75 lysår frå solsystemet.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Den nordlege krona |
Rektascensjon | 15h 34m 41.268s[1] |
Deklinasjon | +26° 42′ 52.89″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 2.21 (2.24 / 7.1) |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | A0V/G5V[2] |
U−B fargeindeks | –0.03[3]/— |
B−V fargeindeks | –0.02[3]/— |
Variabel type | Eclipsing binary |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | +1.7[4] km/s |
Eigarørsle (μ) | RA: 120.27 ± 0.19[1] mas/år Dek.: -89.58 ± 0.20[1] mas/år |
Parallakse (π) | 43.46 ± 0.28[1] mas |
Avstand | 75,0 ± 0,5 ly (23,0 ± 0,1 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | +0.16/+5.05[2] |
Bane[5] | |
Eksentrisitet (e) | 0.370 |
Inklinasjon (i) | 88.2 ± 0.1° |
Perihelargument (ω) (primær) | 311° |
Detaljar | |
Masse | 2.58/0.92[2] M☉ |
Radius | 2.89–3.04/0.90[2][5] R☉ |
Luminositet | 74/0.81[2] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 3.89/4.50[2] cgs |
Temperatur | 9,700/5,800[2] K |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 139[6] / < 14[5] km/s |
Alder | 3.14 × 108 år |
Andre namn | |
Gemma, Alphekka, Alphecca, Gnosia, Ashtaroth, The Jewel, Gnosia Stella Coronae, 5 CrB, HR 5793, BD +27°2512, HD 139006, GCTP 3519.00, SAO 83893, FK5 578, HIP 76267. | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Hovudkomponenten er ei kvit stjerne i hovudserien med spektralklasse A0V og 2,6 gonger massen til sola. Estimat av radiusen til stjerna varierer frå 2,89 til 3,04 gonger radiusen til sola.[2][5] IRAS har målt eit infraraud eksess i 24 μm og 70 μm kring primærstjerna.[7] Dette indikerer at det ei stor skive med støv og materiale kring Gemma, og ein har spekulert i om dette kan vere eit planet- eller protoplanet-system, som liknar der ein finn kring Vega.
Sekundærkomponenten er ei gul hovudseriestjerne med ein estimert storleiksklasse G5, 0,92 gonger massen til sola og 0.90 gonger solradiusen. Røntgenstråling frå stjerna er 6 × 1028 erg-1, som er 30 gonger høgare enn den kraftigaste strålinga frå sola. Dette høgare aktivitetsnivået er venta av ei ung stjerne i denne klassen. Koronaen har ein temperatur på kring 5 MK, som er mykje varmare enn koronaen til sola. Den øvre grensa på 14 km/s for den ekvatoriale rotasjonssnøggleiken, som svarar til ein rotasjonsperiode på tre dagar. Truleg er rotasjonsperioden storts ett kring 7,9 dagar.[2][5]
Stjernene krinsar rundt kvarandre i ein eksentrisk bane kvar 17,36 dagar. Fordi planet til banen har ein vinkel på 88,2° i forhold til synslinja frå jorda,[5] dannar paret ei formørkande dobbeltstjerne liknande Algol (β Per). Den periodiske formørkinga fører til ein variasjon i storleiksklasse på +2,21 til +2,32,[8] som nesten ikkje er merkbart for det nakne auga.
Stjerna har dei tradisjonelle namna Alphekka, Gemma, Gnosia (Gnosia Stella Coronae) og Asteroth (Ashtaroth).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.