Gattsjina
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Gattsjina (russisk skrift Га́тчина, finsk Hatsina, polsk Gatczyna) er ein by i Leningrad oblast i Russland, om lag 45 km sør for St. Petersburg ved vegen som fører til Pskov. Byen har om lag 90 000 innbyggjarar (2007). Staden er skriven inn på verdsarvlista som ein del av «St. Petersburg og relaterte grupper av monument».[1]
Gattsjina Гатчина | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||||
Først nemnd i Bystatus |
1499 1796 | ||||
Borgarmeister | Aleksander Romanovitsj Kalugin | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
29 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
89 100 3 072,4 /km² | ||||
Koordinatar | 59°34′00″N 30°08′00″E | ||||
Høgd over havet | 100 moh. | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 188300-188310, 188319 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 81371 | ||||
Nettstad: www.gatchina-meria.ru |
Khottsjino (eit eldre namn for Gattsjina) vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1499 som ein landsby underlagd Velikij Novgorod eller Stornovgorod i Russland. I løpet av ei rekkje krigar på 1600-talet vart byen først gjeve til Livland (eit historisk område som i dag er delt mellom Estland og Latvia), så til Sverige før det igjen vart ein del av Russland i løpet av den store nordiske krigen. På denne tida var Gattsjina eit sørleg grannelag til den nye hovudstaden i Russland, St. Petersburg.
I 1708 gav tsar Peter den store[2] Gattsjina til syster si Natalia Aleksejevna og då ho døydde grunnla han eit keisarleg hospital og apotek her. I 1765 kjøpte Katarina den store Gattsjina med tjue landsbyar i omegn som ho så skjenka til favoritten sin, general og grev Orlov. Mellom 1766 og 1788 bygde greven eit slott med 600 rom[3] her og anla ein omfattande engelsk landskapspark på over 700 hektar med ein tilstøytande dyrehage og ein gard for hestar. Ein triumfboge teikna av Antonio Rinaldi vart reist for å danne ein monumental inngang.
Gattsjinapalasset vart utvida fleire gonger av ulike keisarlege eigarar. Rokokkointeriøret vart teikna av Rinaldi og Vincenzo Brenna og utført av italienske stukkaturarbeidarar og russiske handverkarar. Interiøret vart framheva med parkettgolv, måla veggar og karakteristiske italienske møblar.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.