![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/96/Tannic_acid.png/640px-Tannic_acid.png&w=640&q=50)
Garvesyre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Garvesyre, garvestoff eller tannin er ei gruppe kompliserte organiske sambindingar som finst i plantar og plantedelar.[1] Dei verner plantar og tre mot beiting og nedbryting frå sopp og bakteriar.[2]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/96/Tannic_acid.png/640px-Tannic_acid.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Tannin_heap.jpeg/640px-Tannin_heap.jpeg)
Handelsvaren garvesyre blir vunne ut frå galleple og har kjemisk formel (summeformel) C76H52O46. Garvesyre er lettløyseleg i vatn og verker snerpande (astringerande). Stoffet har stor fellingsevne, blant anna for protein, og er viktig del av naturlege garvestoff.[1]
I vin bidrar garvesyre både til smak og haldbarheit og gjev eit visst snerpande preg om ho finst i større mengder, til dømes i vin som ikkje er ferdiglagra.[1]