Garten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Garten er ei øy i Ørland kommune i Trøndelag. Øya har om lag 210 innbyggjarar, dels i bustadfelt frå 1979 og dels i eldre gardsbusetnader. Sidan 1948 har øya vore knytt til fastlandet med ei kort bru over Beisundet til Rønsholmen.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Garten | |
---|---|
Garten sett frå vest-nordvest | |
Geografi | |
Stad | Kråkvågfjorden |
Koordinatar | 63°38′30″N 09°31′23″E
|
Areal | 1,5 km²
|
Høgaste punkt | Synnørsfjellet (74 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Trøndelag
|
Demografi | |
Folketal | 210 |
Folketettleik | 140 /km² |
Lukk
Øya har oppdrettsanlegg, samfunnshus og rorbuutleige. Butikk og postkontor er nedlagd. Garten skule vart i 1976 nedlagt og Grande/Garten skule vart bygd nær tidlegare Grande skole. Grande/Garten skule vart nedlagd i 2005, og elevane overført til Hårberg skule.
Det går ferje frå Garten til Storfosna i Ørland og til Leksa i Agdenes.
Garten i Fosen poståpneri vart oppretta i 1914, med handelsmannen som postopnar. Postkontoret vart nedlagt etter 1997.[1]