Gardvord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gardvord eller haugbonde er eit vette i norsk folketru som held til i ættehaugen ved ein gard og vaktar over folk og eigedom.[1] Vettet er også kjent som gardsbonde, godbonde, haugebonde, tuft(e), tuftekall, nisse og tomt(e).[2]
Den første som rydda garden blei gravlagd i ættehaugen, der han seinare heldt til.[1] Også gardvorden (norrønt garðvǫrðr) kan vera tenkt som den første bonden på garden, rudkallen. I alle høve ser han etter at alt går rett for seg på garden. Han gjev velstand og trivsel om ein står på god fot med han og gjev han dei offera han hadde krav på etter tradisjonen.[2] Det blei gjerne ofra øl, mat og anna til haugbonden på haugen eller ved tuntreet.[1] I nokre landsdelar har han òg hatt eiga seng i huset.[3]
Namnet haugbonde (norrønt haugbúi) er vanleg i Telemark, men førestillinga er allmenn og høyrer til fedrekulten. Stundom er trua på haugbonden knytt til tuntreet, som ein ikkje måtte røra.[1]