Garantert gjensidig øydelegging
From Wikipedia, the free encyclopedia
Garantert gjensidig øydelegging (engelsk mutually assured destruction, MAD) er ei lære innan militær strategi og nasjonale retningslinjer for tryggleik. Ein full-skala bruk av kjernefysiske våpen frå to eller fleire krigførande sider ville føra til full øydelegging av både åtakar og forsvarar (sjå kjernefysisk forkjøpsangrep og andreslag).[1] Doktrina er basert på teorien om avskrekking, som seier at trugselen om bruk av sterke våpen mot fienden hindrar fienden å nytta dei same våpena. Strategien er ei form for Nash likevekt der partane verken har insentiv til å starta ein væpna konflikt eller til å rusta ned.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |