Gangnam Style
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Gangnam Style» (koreansk 강남스타일) er ein K-pop-singel av den sørkorenaske artisten PSY. Songen vart gjeven ut 15. juli 2012 som den første singelen frå det sjette studioalbumet hans, PSY 6 (Six Rules), Part 1. «Gangnam Style» gjekk rett inn på førsteplassen på Gaon-lista, den nasjonale singellista i Sør-Korea. 24. november 2012 hadde musikkvideoen vorte sett over 803 millionar gongar på YouTube,[5] og vart den mest sette videoen der etter å ha gått forbi Justin Bieber-songen «Baby».[6][7]
Gangnam Style Singel av PSY frå albumet PSY 6 (Six Rules), Part 1 | ||
Språk | koreansk | |
Utgjeve | 15. juli 2012 | |
Sjanger | K-pop[1][2], Koreansk hip hop, hip-house, electro-house | |
Lengd | 3:30 | |
Selskap | YG, Universal Republic, Schoolboy | |
Komponist | Psy, Yoo Gun Hyung | |
Tekstforfattar | Psy | |
Låtskrivar(ar) | Park Jae-Sang, Yoo Gun Hyung[3] | |
---|---|---|
Produsent | Park Jae-Sang, Yoo Gun Hyung[4] | |
PSY-kronologi | ||
«Korea» (2012) |
Gangnam Style |
|
Uttrykket «Gangnam Style» er ei koreansk nylaging som syner til livsstilen knytt til Gangnam-distriktet i Seoul. Songen og den tilhøyrande musikkvideoen spreidde seg som eit virus på Internett i august 2012 og har påverka populærkulturen sidan den gong. «Gangnam Style» vart hylla verda over for den fengande rytmen og dei underhaldande danserørslene til PSY i musikkvideoen og under forskjellige konsertframføringar av songen som i Madison Square Garden, The Today Show, The Ellen DeGeneres Show og Samsung-reklamar.[8] Den 20. september 2012 vart «Gangnam Style» innskriven i Guinness Rekordbok som dem mest «likte» videoen (flest «likes») på YouTube.[9] Videoen vann så prisen for Beste Video ved MTV Europe Music Awards seinare på året.[10]
Det vart laga mange parodiar og reaksjonsvideoar av videoen av mange forskjellige grupper, organisasjonar og enkelt personar, som The Oregon Duck, United States Naval Academy og styresmaktene i Nord-Korea. Mot slutten av oktober 2012 hadde songen nådd førsteplassen i meir enn 30 land inkludert Australia, Canada, Frankrike, Tyskland, Noreg, Spania og Storbritannia. Sjølv som songen berre fekk lunken mottaking i Japan, toppa songen lista i Kina over dei mest nedlasta songane i landet og vart av statskontrollert media skildra som ein «gudommeleg melodi».[11][12][13]
Populariteten til songen heldt fram å vekse og danserørslene vart framførte av mange forretnings- og politiske leiarar, som styreformann i Google, Eric Schmidt, den britiske statsministeren David Cameron,[14] og generalsekretæren i SN, Ban Ki-Moon, som hylla songen for å ha «makt nok til å skape fred i verda». At songen hadde påverknad på politisk aktivisme kunne ein til dømes sjå i filmen Gangnam for Freedom. Han vart produsert av den britiske biletkunstnaren Anish Kapoor for å fremje ytringsfridom og har sidan fått støtte hos forskjellige menneskrettsorganisasjonar, som Index on Censorship og Amnesty International.[15] I følgje Dei sameinte nasjonane har PSY vorte ein «internasjonal sensasjon» via songen sin «Gangnam Style».[16]