pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Gangesdelfin (Platanista gangetica) eller susu er ein elvedelfin som lever i store elvesystem i Bangladesh, India og Nepal. Han er i nær slekt med indusdelfin, og dei to populasjonane er i dag gjerne rekna som underartar av den same arten - Platanista gangetica, med gangesdelfinen som underarten Platanista gangetica gangetica. Dei to populasjonane av sørasiatiske elvedelfinar er fråskilde, men treng ikkje ha vore det så lenge. Fram til sein pliocen levde dei i det same elvesystemet, og tilmed i historisk tid kan det ha funne stad utveksling av individ mellom elvane.[1]
Gangesdelfin | |
Gangesdelfin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga Utbreiinga av Gangesdelfin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Platanistidae |
Slekt: | Platanista |
Art: | Gangesdelfin P. gangetica |
Vitskapleg namn | |
Platanista gangetica Roxburgh, 1801 |
Gangesdelfin lever i elvesystema Ganges-Brahmaputra-Meghna og Karnaphuli-Sangu. Delfinane lever i elvedeltaet og så langt oppover dei kan koma før dei blir stoppa av grunt vatn, stryk, demningar eller andre stengsel.[2]
Det er usikkert kor mange individ som finst av delfinen. På 1980-talet føreslo forskarar ein bestand på 4-5000 individ, medan i 1997 rekna ein han på mindre enn 2000. IUCN legg fram 1 200–1 800 individ som ei lågare grense.[2]
Gangesdelfin er verna overalt i leveområdet sitt, men blir framleis noko jakta for kjøtet og feittet sitt. Ureining av elvene og fragmentering av leveområdet grunna oppdemming og vassmangel som gjer elvane grunne er andre trugsmål mot delfinen.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.