From Wikipedia, the free encyclopedia
Gamma Pegasi (γ Peg) eller Algenib er ei stjerne i stjernebiletet Pegasus, i nedre venstre hjørne av asterismen Den store firkanten. Det tradisjonelle namnet Algenib er òg eit anna tradisjonelt namn for Mirfak. Den tilsynelatande storleiksklassen er +2,84[2] som gjer ho til den fjerde mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Avstanden frå jorda er kring 390 lysår med ein feilmargin på 5 %.[1]
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Pegasus |
Rektascensjon | 00h 13m 14.15123s[1] |
Deklinasjon | +15° 11′ 00.9368″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | +2.84[2] |
Karakteristikk | |
U−B fargeindeks | –0.85[2] |
B−V fargeindeks | –0.23[2] |
Variabel type | β Cep[3] |
Astrometri | |
Eigarørsle (μ) | RA: +1.98[1] mas/år Dek.: –9.28[1] mas/år |
Parallakse (π) | 8.33 ± 0.53[1] mas |
Avstand | 390 ± 20 ly (120 ± 8 pc) |
Detaljar | |
Masse | 8.9 ± 0.1[4] M☉ |
Radius | 4.80 ± 0.39[5] R☉ |
Luminositet | 5,840[6] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 3.98 ± 0.06[5] cgs |
Temperatur | 21,179 ± 237[5] K |
Metallisitet [Fe/H] | –0.34[7] dex |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 0[8] km/s |
Alder | 18.7 ± 3.2[4] mill. år |
Andre namn | |
Stjerna er stor med nesten ni[4] gonger solmassen og nær fem[5] gonger solradien. Spektralklassen B2 IV[4] indikerer at ho er ei subkjempestjerne som er i ferd med å brenne opp hydrogenet i kjernen og utvikle seg bort frå hovudserien.[8] Gamma Pegasi har ein total luminositet på 5 840 gonger sola sin,[6] med ein effektiv temperatur i den ytre atmosfæren på meir enn 21 000 K.[5] Med denne temperaturen har stjerna ein blåkvit farge.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.