From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane var den einaste fylkesvegen i gamle Leikanger kommune.
Vegen var sett saman av tre ikkje-samanhengande trasear: Njøs – Sæberg (2,6 km), Haug – Husabø (0,9 km) og Eggja – Valbrekka (1,8 km).
Fylkesvegen frå Njøs til Skitmyrane vart bygd på midten av 1960-talet, og erstatta den gamle bygdevegen. Vegen vart bygd vidare til Sæberg i samband med utbygging av Bustadfeltet Henjahaugane i andre halvdelen av 70-talet. På 60-talet var det snakk om å forlengja vegen, slik at me fekk samanhengande fylkesveg frå Njøs til Valbrekka, men planane vart lagde på is. Då kommunen prøvde å få liv i planane på slutten av 70-talet, var ikkje prosjektet aktuelt lenger for fylkeskommunen.
I februar 2012 har Leikanger kommune starta arbeid med reguleringsplan for fylkesvegen frå RV 55 til Skitmyrane. Føremålet med planen er å utvida vegen til fullbreidd, og å byggja gang- og sykkelveg langs køyrevegen. Tidlegare var det aktuelt å byggja ny veg opp Askedalen i staden for å rusta vegen opp over Njøs, men dette er lite aktuelt i dag.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og dei tre traseane til gamle Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane vart utskilde til nye fylkesvegar:[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.