![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6f/Wheel_of_Fortune_Navy.jpg/640px-Wheel_of_Fortune_Navy.jpg&w=640&q=50)
Gameshow
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gameshow er ein type radio- eller fjernsynsprogram der deltakarar konkurrerer om å vinna premiar eller heider og ære.[1] Konkurransane vert gjerne gjennomførte ved hjelp av rundar baserte på kunnskap, gjetting, fysiske utfordringar eller liknande. Det er store skilnader på ulike typar slike program i verda, der ein går frå det enkle spørjeprogrammet Mastermind til meir ekstreme utfordringar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6f/Wheel_of_Fortune_Navy.jpg/640px-Wheel_of_Fortune_Navy.jpg)
Gameshow-sjangeren har òg vorte ein av dei store eksportartiklane innan tv-konsept, der spesielt amerikanske og britiske konsept har vorte produsert i lokale variantar over store delar av verda. Amerikanske konsept, som til dømes Wheel Of Fortune, har hatt suksess i heimlandet gjennom ei årrekkje.