From Wikipedia, the free encyclopedia
Galloanserae er ein biologisk overorden av fuglar som samlar to ordenar, hønsefuglar, Galliformes, og andefuglar, Anseriformes. Dei er handsama som ei gruppe fordi anatomiske og molekylære likskapar antydar at desse to gruppene er nære evolusjonære slektningar. Gruppa blir òg stødd av morfologiske data og DNA-sekvensdata, og dessutan data om retrotransposon (genetiske komponentar) tilstadesvære/fråvære.[1] Per 2019 er det åtte familiar med ca. 460 artar i gruppa.[2]
Galloanserae | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Galloanserae |
Orden: | Saurischia |
Infraorden: | Galloanserae Tetanurae P.L. Sclater, 1880 |
Kjøt og egg av artar som ofte inngår i kosthaldet til menneske er frå denne fuglegruppa, til dømes fjørfe som tamhøns, kalkun, vaktlar og ville skogshøns, ender og gjæser. Fasan og stokkand frå oppdrett er brukte i sportsjakt.
Jamvel om det er stor diversitet innanfor gruppa etter tilpassing til levesett for ulike økologiske system, også ulikskapar morfologisk og etologisk, så er det framleis nokre funksjonar som sameinar artane i denne gruppa av vass- og landlevande fuglar og skil dei frå andre kladar.
Frå dei avgrensa fossila som hittil er funne, er konklusjonen at Galloanserae allereie var utbreidd, og den dominerande gruppa av moderne fuglar mot slutten av krittida. Medan dei dominerande fugleliknande artane, enantiornittane, alle døydde ut i mesozoikum saman med dinosaurane, overlevde galloanserae og vart den første suksessrike gruppa av moderne fuglar etter at dinosaurane døydde ut.
Saman med ordenane i Neoaves utgjer Galloanserae infraklassen Neognathae.
Aves (fuglar) |
| ||||||||||||||||||
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.