![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/30/Low_Countries_Locator_Prince-Bischopric_of_Liege.svg/langnn-640px-Low_Countries_Locator_Prince-Bischopric_of_Liege.svg.png&w=640&q=50)
Fyrstbispedømet Liège
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fyrstbispedømet Liége (fransk Principauté de Liége, nederlandsk Prinsbisdom Luik) var mellom 980 og 1795 eit lite, omtrent 8000 km² stort, katolsk monarki i dagens Belgia og Nederland. Språka som vart brukte var nederlandsk og fransk, og hovudstaden var Liège. Liège var ein del av Det tysk-romerske riket, ikkje Den burgundiske rikskrinsen som ein del av dei omliggande områda høyrde til, men (frå 1500) den nederrhinsk-westfalske. Som namnet seier vart han leia av ein fyrstbiskop, ein biskop som samstundes var verdsleg herskar, ein fyrste. Liège omfatta den største delen av provinsane Liège og belgisk Limburg, og nokre eksklavar.
Principauté de Liége (fr) Prinsbisdom Luik (nl) Fürstbistum Lüttich (ty) Principåté d' Lidje (va) Fyrstbispedømet Liège | ||||
Kyrkjeleg stat i Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
![]() | ||||
Hovudstad | Liège | |||
Språk | Fransk, nederlandsk, tysk, vallonsk | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Fyrstbiskop | ||||
- 340-åra–384 | St. Servatius (første biskop, ved Maastricht) | |||
- om lag 670-700 | St. Lambert (ved Maastricht) | |||
- 972–1008 | Notger (første fyrstbiskop) | |||
- 1792–94 | François-Antoine-Marie de Méan (siste) | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Bispedømet oppretta | 340-åra | |||
- Fekk verdsleg makt | 980 | |||
- Kjøpte herredømet Bouillon |
1096 | |||
- Annekterte Loon | 1366 | |||
- Annekterte Horne | 1568 | |||
- Liège-opprøret | 1789–95 | |||
- Opphøyrde | 1795 | |||
- Konkordatet aksepterer deling av bispedømet |
||||
På 900-talet fekk biskopen av Liège sekulær makt over delar av bispedømet, og i åra som følgde vart det stadig utvida med nye landområde. Til dømes vart det utvida i 1096 med hertugdømet Boullion som vart overdrege til Frankrike i 1678. Fyrstbispedømet vart oppløyst og fordelt i ulike franske departement då det vart erobra av Frankrike i 1795.
Dei viktigaste byane i Liége (fransk bonnes villes) var Liège, Beringen, Bilzen, Borgloon, Bree, Châtelet, Ciney, Couvin, Dinant, Fossast-la-Ville, Hamont, Hasselt, Herk-de-Stad, Huy, Maaseik, Peer, Sint-Truiden, Stokkem, Thuin, Tongeren, Verviers, Visé og Waremme. Retten til byen Maastricht var delt mellom fyrstbiskopen og hertugen av Brabant, rolla til hertugen i dette vart seinare overteke av Staten-Generaal i Nederland.
![]() |