Vallonsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vallonsk eller wallonsk (vallonsk walon, fransk wallon) er eit språk som høyrer til den gruppa av romanske språk som på fransk vert kalla langue d'oïl, eller berre oïl. Desse utvikla seg i mellomalderen i eit område nord i Gaule, deretter i Nord-Frankrike, sør i Belgia (det romanske Belgia) og på Kanaløyane.
Vallonsk Walon | ||
Klassifisering | indoeuropeisk romansk galloromansk langues d'oïl - vallonsk | |
Bruk | ||
Tala i | ![]() ![]() ![]() | |
Vallonsktalande i alt | Som førstespråk: 600 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | wa | |
ISO 639-2 | wln | |
ISO 639-3 | - | |
Bruken av vallonsk er avgrensa til eit område i det elles fransktalande Sør-Belgia (Vallonia, fransk: Région wallonne eller Wallonie) og til nokre av dei tilgrensande områda i Ardennes i Frankrike (og er dessutan nytta eller kjend i somme tradisjonsmiljø nordaust i delstaten Wisconsin i USA).
Vallonsk skil seg markant frå det normerte franske språket som vert nytta i Belgia som det eine av dei tre offisielle språka i landet; dei to andre er flamsk (den belgiske varianten av nederlandsk) og tysk.