From Wikipedia, the free encyclopedia
Fyn (fleire andre språk Funen) er den tredje største øya i Danmark etter Sjælland og Vendsyssel-Thy. Fyn ligg sentralt plassert i landet og har eit folketal på om lag 447 000 innbyggjarar (2006). Den største byen er Odense, som er forbunde med sjøen via ein kanal, sjølv om denne sjeldan er i bruk. Skipsverftet Odense stålskipsverk ligg utanfor sjølve byen.
Fyn høyrer til det administrative området Region Syddanmark. Frå 1970 til 2006 var Fyn ein del av Fyn fylke, som òg inkluderte øyane Langeland, Ærø, Tåsinge og fleire mindre øyar.
Fyn er forbunde med Sjælland via Storebæltbrua, som kan ta både bilar og tog. Storebæltbrua er eigentleg to bruer, ei låg bru som knyter Fyn til den mindre øya Sprogø midt i Storebælt, og ei lang hengebru resten av vegen til Sjælland. Hengebrua var den neste største i verda i sitt slag då den opna. Frå Fyn til Sprogø brukar toga ei bru som går parallelt til den låge brua, og er konstruert på liknande måte. Ein togtunnel knyter Sprogø i lag med Sjælland.
To bruer knyter Fyn til det danske fastlandet, Jylland. Den første vart konstruert på 1930-talet, like før den andre verdskrigen for både bilar og tog. Den andre, ei hengebru, vart konstruert på 1970-talet og tar berre bilar.
Bortsett frå Odense, ligg dei andre større byane langs kysten. Desse er Kerteminde (NØ), Nyborg (Ø), Svendborg (S), Fåborg (SV), Assens (V), Middelfart (NV) og Bogense (N).
Fyn er kjend for å vere fødestaden til Hans Christian Andersen og komponisten Carl Nielsen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.