Fylkesveg 63
veg i Møre og Romsdal og Oppland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 63 (Fv63) er ein veg som går mellom Åndalsnes i Rauma kommune og Langevatn i Skjåk kommune. Vegen er 103,6 km lang utanom ferjestrekninga, av dette 101 km i Møre og Romsdal og 2,6 km i Oppland. Vegstrekninga omfattar dei tre kjende fjellovergangane Trollstigen (opna 1936), Ørnevegen (opna 1956) og Geirangervegen (opna 1889).
- Sjå òg fylkesveg 63 (fleirtyding).
Fylkesveg 63 | |||
---|---|---|---|
63 | |||
Strekning | |||
Rauma – Skjåk | |||
Informasjon | |||
Lengd | 103,6 km | ||
Ferjestrekningar | 2 | ||
Tilstøytande vegar | |||
650 | |||
Restriksjonar | |||
Vinterstenging | Trollstigen (oktober - mai) | ||
Vinterstenging | Geiranger - Langvatn (november - mai) |
Vegen forlèt E 136 ved Sogge bru sør for Åndalsnes, følgjer Isterdalen som Trollstigvegen, vidare gjennom Meierdalen og Valldal til tettstaden Sylte ved fjorden og vidare til ferjestaden Linge. Gjennom Valldal kryssar vegen storelva (Valldøla) ved Alstad (Gudbrandsjuvet), Hol, Uri og Muri. frå Linge går det ferje over Norddalsfjorden til Eidsdal, traséen held fram over Korsmyra og ned Ørnevegen til Geiranger. Frå her startar Geirangervegen som går opp forbi Dalsnibba til Langevatn der han møter Rv15. Han er vinterstengd mellom Geiranger og Langevatn og over Trollstigen. Vegen er asfaltert og har varierande breidde (eitt køyrefelt på det smalaste). Særleg dei tre fjellovergangane på strekninga har skarpe kurvar og fleire hårnålssvingar.
Ferjestrekninga Eidsdal-Linge er del av vegen, i tillegg knyter turistferga Geiranger-Hellesylt vegen til Fylkesveg 60 ved Hellesylt.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft.