![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1b/Hakata_Port_from_Fukuoka_Tower.jpg/640px-Hakata_Port_from_Fukuoka_Tower.jpg&w=640&q=50)
Fukuoka
Japansk storby / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fukuoka er ein storby i Japan, hovudstad i eit prefektur med namn etter byen.[2] Byen ligg ved Hakatabukta på nordvestkysten av Kyushu-øya og har 1 639 832 ibuarar (2023).[2] I storbyomrpådet kring Fukuoka bur det 5,11 millionar menneske.[2]
Fukuoka | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Sassenhirofuku, Fukuoka metropolitan area, Fukuoka–Kitakyushu | ||
Areal | 340 030 000 km² | ||
Folketal | 1 603 043 (1. september 2020)[1] | ||
![]() Fukuoka 33.59°N 130.40166666667°E / 33.59; 130.40166666667 | |||
Wikimedia Commons: Fukuoka, Fukuoka | |||
Fukuoka er den største byen på Kyushu og den femte mest folkerike i Japan.[2] Nest etter Yokohama er han den største hamnebyen i landet, der det vert utskipa kol, maskinar, porselen, papirvarer, trevarer og mjøl.[2] Næringslivet i byen omfattar kjemisk, grafisk, elektronisk, næringsmiddel-, tekstil-, papir-, bomulls- og metallindustri.[2] Fukuoka er elles eit regionalt kultur- og handelssenter med universitet, fleire høgskular, museum og kulturattraksjonar.[2]
I bydelen Hakata er ei internasjonal lufthamn, jarnbanestasjon med høghastigheitstog og hamn for hydrofoilbåt som går til Busan i Sør-Korea.[2]