tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Fræna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Han vart slegen saman med Eide kommune til Hustadvika kommune den 1. januar 2020. Området låg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensa til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen hadde dei siste grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.
Fræna kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Elnesvågen | ||
Areal | 369 km² | ||
• land | 362 km² | ||
• vatn | 7 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Tove Henøen (Sp) | ||
Kommunenr. | 1548 | ||
Fræna kommune 62.907777777778°N 7.1083333333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Fræna | |||
Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen. Busetnaden i kommunen er spreidd, men tettar seg til i og kring kommunesenteret og i Bud vest i kommunen. Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.
Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna-området.
Kommunenamnet var opphavleg Vaagø (Vågøy) og vart endra til Frænen i 1860[1] og Fræna i 1918. Staden har namn etter Frænfjorden (gammalnorsk Fræni). Tydinga er uviss, men kan stamme frå frænn (lys, skinande).
I 1589 heitte soknet Vågøy og låg under Aukra prestegjeld. Ved kongeleg resolusjon av 22. september 1859 vart soknet gjort om til Fræna prestegjeld. I 1880 vart gjeldet så delt i Ytre og Indre Fræna.[2]
Kommunevåpenet vart vedteke 15. mai 1995 og har sju blå bølgjer på ein gull bakgrunn. Motivet skal symbolisere havet.
Fræna omfattar den vestlege delen av Romsdalshalvøya, frå områda rundt Frænfjorden i sør til Hustadvika i nord, og dertil ei rekkje mindre øyar.
Hustadvika er ei av dei mest vêrharde strekningane av vestlandskysten. Fræna er ein kyst og fjordkommune der dei indre delane har ei rekke fjell mellom 600 og 1000 meter. Blant dei mest kjende fjella er Jendemsfjellet (633 moh.) og Kvannfjellet på (900 moh.), det høgste fjellet i kommunen. Nært kysten er det svære myrlendte område. Tvers gjennom kommunen går Frenfjorden som endar inst i Malmefjorden.
Nær grensa til tidlegare Eide kommune ligg dei kjende kalksteinsgrottene Trollkyrkja som er blant Frænas mest populære turistattraksjonar.
På fugleberget på Ergan i Bud hekkar tusenvis krykkjer som kjem kvar februar og forlèt Fræna til fordel for sør-Atlanteren i midten av august.
Kommunen har sine største hjørnesteinsbedrifter som produserer for eksport: Hustadmarmor produserer marmor til bygningsindustrien og slurry til papirindustrien. Dumper-produsenten Moxy vart grunnlagt av gründeren Birger Hatlebakk. Fræna kommune er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, med stor kjøtt- og mjølkeproduksjon. Tine har produksjonsstad for mellom anna Jarlsbergost. I hamna Harøysund ved Bud er også fiskerinæringa ei viktig næring.
Atlanterhavsvegen og Trollkyrkja er attraksjonar for turistnæringa i kommunen. Sportsdykking og sportsfiske på Hustad trekker også til seg ein del turisme.
Folketalsutvikling for noverande Fræna kommune frå 1900:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.