Frostforvitring er mekanisk forvitring der vatn trengjer inn i sprekkar i berggrunnen og sprenger han i stykke ved frysing. Frostsprenginga kjem av at vatnet utvidar seg 9 % når det går over frå flytande til fast form. Frostsprenginga blir først effektiv når temperaturen i berget fell til kring - 5 ºC og alt vatnet er frose. Stadige temperatursvingingar omkring 0 °C har liten verknad. Frostsprenging skapar blokkmark og urer, og er årsak til steinsprang.
Kjelder
- Frostsprengning. (2009, 22. juli). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/frostsprengning.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.