From Wikipedia, the free encyclopedia
Frostatinget (norrønt Frostuþing) var namnet på Trøndelagens lovområde, fellestinget, av di det hadde sete på Logtun på Frosta i Nord-Trøndelag.
Ein er uviss på kva tid Frostatinget byrja si verksemd, men trur at det går heilt attende til 400-talet og omfatta dei – på den tida – åtte trøndelagsfylka Sparbyggjafylki, Verdølafylki, Skeynafylki, Stjórdølafylki, Strindafylki, Gauldølafylki og Orkdølafylki.
Dagens Frostating, Frostating lagmannsrett, omfattar fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, og har sete i Trondheim.
Frostatingsseglet er eit segl som syner kong Magnus Lagabøte på St. Hansdag i 1274 medan han sit på trona og gjev lagmannen for Frostatinget den nye Frostatingslova. Tingbøndene – tre stykker – står til venstre for kongen, kongen i midten med krona på hovudet og septeret i handa, og med den norske lova under føtene. Nedst i seglet er det to bogeskyttarar; den eine siktar på eit ekorn, medan den andre siktar på ein fugl. Både ekornet og fuglen sit i kvart sitt tre.
Originalen til Frostatingseglet er i det norske Diplomatariet, og står i eit dokument datert 1. juni 1453, trykt i Diplomatarium Norvegicum VIII no. 349.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.