Frosta kommune
kommune i Nord-Trøndelag / From Wikipedia, the free encyclopedia
Frosta er ein kommune i Trøndelag fylke. Han ligg på halvøya som stikk ut i Trondheimsfjorden, mellom Åsenfjorden og hovudfjorden, og grensar i aust til Levanger kommune. Tautra er ei øy som høyrer til Frosta kommune og ligg i Trondheimsfjorden mellom kommunesenteret Frosta og Leksvik. Hovudnæringa i kommunen er jordbruk.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Frosta kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Frosta | ||
Areal | 76,32 km² | ||
• land | 74,28 km² | ||
• vatn | 2,04 km² | ||
Folketal | 2 645 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Frode Revhaug (H) | ||
Kommunenr. | 5036 | ||
Frosta 63.603888888889°N 10.774444444444°E / 63.603888888889; 10.774444444444 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Frosta | |||
Nettstad: www.frosta.kommune.no | |||
Lukk
To vegar fører til Frosta, fylkesveg 753 går frå europaveg 6 i Åsen i Levanger til Mostad på Frosta. Denne vegen går gjennom Frostaporten, ein tunell som er 287 meter lang. Den andre vegen er fylkesveg 6818 som går frå Skogn over Ekne og til Juberg på Frosta.