![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7f/Kirkegata_i_Levanger.jpg/640px-Kirkegata_i_Levanger.jpg&w=640&q=50)
Levanger kommune
kommune i Trøndelag fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Levanger kommune (sørsamisk: Lievangken tjïelte) ligg i Trøndelag fylke. Han grensar i nordaust mot Verdal, i sør mot Stjørdal og i sørvest mot Frosta. Over Trondheimsfjorden ligg Inderøy kommune. Det som i dag er Levanger kommune er eit resultat av kommunesamanslåingsprosessen i 1962 og 1964, og var tidlegare kommunane Levanger, Skogn, Frol, Åsen og Ytterøy.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Levanger kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Levanger | ||
Areal | 645 km² | ||
• land | 611 km² | ||
• vatn | 34 km² | ||
Folketal | 20 574 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anita Ravlo Sand (Sp) | ||
Kommunenr. | 5037 | ||
![]() Levanger kommune 63.74585°N 11.29991°E / 63.74585; 11.29991 | |||
Wikimedia Commons: Levanger Municipality | |||
Nettstad: www.levanger.kommune.no | |||
Lukk
Byen Levanger ligg ved Trondheimsfjorden. Han har hatt bystatus to gonger, fyrst frå 1836 og fram til kommunesamanslåinga i 1962, deretter fekk han igjen bystatus i 1997. Hovudnæringar i kommunen er jordbruk med sine 120 km² med jordbruksareal, industri og offentleg verksemd.