![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/BatrachostomusHartertiKeulemans.jpg/640px-BatrachostomusHartertiKeulemans.jpg&w=640&q=50)
Froskemunnfamilien
familie av seglarfuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Froskemunnfamilien (Podargidae) er ein biologisk familie av 16 nattaktive fugleartar plassert i sin eigen orden Podargiformes. Dei lever i området frå India gjennom det sørlege Asia til Australia. Namnet froskemunn kjem av det store, flate nebbet og det froskeliknande gapet, som dei brukar til å snappe insekt med. Dei er svake flygarar.
Froskemunnar | |
![]() Dulitfroskemunn, Batrachostomus harterti | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Froskemunnar Podargiformes |
Familie: | Froskemunnar Podargidae |
Om dagen kviler froskemunnar stille på ei grein og liter på at den kamuflerande fjørdrakta gjer han umerkeleg. Hoa legg opptil tre kvite egg i kullet i gaffelen på ei grein, og hoa rugar om natta medan hannen tar ruginga på dagen.
Artane i slekta Podargus er store froskemunnar med leveområde i Australia og Ny-Guinea, dei har massive flate, breie nebb. Podargus er kjente for å ta større byttedyr som frosk, mus, osv., som dei nokon gonger slår mot ein stein før dei svelgjer byttet.[1] Dei ni Batrachostomus-froskemunnane finst i tropisk Asia. Dei har mindre og meir avrunda nebb og er i det store insektetarar. Både Podargus og Batrachostomus har bustar rundt nebbrota, og Batrachostomus har andre, lengre bustar som kan ha ein funksjon som vern mot insekt.[1]
I april 2007 vart det skildra ei ny slekt av froskemunnar på Salomonøyane. Slekta fekk vitskapleg namn Rigidipenna, ho har ein art og norsk artsnamn er salomonfroskemunn.[2]