From Wikipedia, the free encyclopedia
Frimureri er nemninga på det som går føre seg i regi av slike samanslutningar som kallar seg frimurarlosjar, der medlemane vert kalla frimurarar. Frimurarordenen er fellesnemninga for systemet av slike losjar, som alle er sjølvstendige einingar. Det er ikkje etablert noko internasjonalt leiarskap eller overoppsyn for frimureriet.
Frimurarlosjane har som føremål å syte for etisk-religiøs oppseding av medlemane, mellom anna ved å fremje brorskapskjensle og forståing mellom menneska. Berre menn kan taksast opp som medlemar, og det vert kravd at kvar og ein vedkjenner seg trua på eksistensen av eit høgste vesen og trua på at mennesket si sjel ikkje kan døy. Seremoniar og symbol vert nytta i stor mon, ikkje minst i samband med opptak av nye medlemar i losjen, og deretter i samband med at medlemar vert tekne opp i dei ulike gradane som kvar og ein kan arbeide seg oppover i etter fastsette reglar. Medlemane har streng teieplikt om både seremoniane og symbolbruken.
Somme frimurarlosjar fanst allereie på 1500- og 1600-talet, men det var i London i 1717 at slike losjar vart samla i ein såkalla storlosje. I 1723 skreiv den engelske presten J. Anderson ei forfatning som kom til å danne grunnlaget for det moderne frimureriet, og med tida har frimureriet spreidd seg til dei fleste landa i verda kvar det er fridom til å skipe slike samanslutningar. Alle storlosjane skal vere sjølvstendige og uavhengige, utan overordna internasjonal styring, men somme av storlosjane har likevel høve til å opprette ei form for formalisert venskapleg samband med kvarandre. Losjane skal vere upolitiske, og det er difor forbode å propagandere for eller diskutere politiske, sosiale eller religiøse synspunkt og stridsspørsmål under losjesamankoma.
I Noreg vart den fyrste frimurarlosjen skipa i 1749 med opphav i ein dansk losje som var skipa i 1743. I Sverige vart den fyrste losjen skipa allereie i 1735. Den norske Frimurerorden, samanslutninga av alle frimurarlosjane i Noreg, vart skipa i 1891. Alle dei nordiske frimurarlosjane har krav om at ein må vedkjenne seg si kristne tru for å kunne takast opp som medlem. Ein kan verte medlem ved å kontakte ein frimurar som kan målbere ynsket om medlemsskap overfor losjen.
Det er mogleg at frimureriet eigenleg har sine røter attende i nordisk heiden kult, for det kan sjå ut til å vere strukturelle og ideologiske likskapar mellom rituala i frimurerordenen og ritual som kan ha gått føre seg i jarnalderen og vikingtida ifølgje opplysningar i norrøne skifter og tolking av nordisk arkeologisk materiale.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.