Fremre augesegment
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det fremre augesegmentet (av latin segmentum anterius bulbi oculi) er den fremste tredelen av auga som omfattar alle strukturane framføre glaslekamen: hornhinna, regnbogehinna, strålelekamen og linsa.[1][2]
Inni det fremre augesegmentet finst det to væskefylte rom:
- det fremre augekammeret mellom den bakre overflata av hornhinna (hornhinneendotel) og regnbogehinna.
- det bakre augekammeret mellom regnbogehinna og framsida av glaslekamen.[1]
Desse romma er fylt av kammervatn som gjev næring til dei kringliggjande veva.
Nokre oftalmologar og optikarar spesialiserar seg i behandling og handtering av sjukdommar og lidingar i det fremre segmentet.[2]