Frei
tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2118 innbyggjarar (2003). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.
Frei | |
---|---|
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei. Foto: Harald Oppedal | |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 63°03′N 07°48′E
|
Areal | 63,08 km²
|
Høgaste punkt | Freikollen (629 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Rensvik (2118 innb.)
|
Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.
Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.
Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.
Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.