Freak Out!
From Wikipedia, the free encyclopedia
Freak Out! er debutalbumet til det amerikanske bandet The Mothers of Invention. Det kom ut 27. juni 1966 på Verve Records. Albumet vert ofte omtalt som det første konseptalbumet og omhandlar ved hjelp av satire korleis frontmannen Frank Zappa oppfatta amerikansk popkultur. Det var òg eit av tidlegaste dobbeltalbuma i rocken (Bob Dylan sitt Blonde on Blonde kom ut ei veke før) og den første doble debutplata. I Storbritannia vart plata opphavleg gjeven ut som eit enkeltalbum.
Freak Out! Studioalbum av The Mothers of Invention | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. juni 1966 | |
Innspelt | 8–12. mars 1966 ved Sunset-Highland Studios i TTG | |
Sjanger | Eksperimentell, komedierock, rhythm and blues, avantgarde, doo-wop, symfonisk rock, dialog, psykedelisk rock | |
Lengd | 60:55 | |
Selskap | Verve | |
Produsent | Tom Wilson | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Freak Out! | Absolutely Free (1967) | |
Singlar frå Freak Out! | ||
|
Albumet vart produsert av Tom Wilson, som signerte The Mothers, eit tidlegare pub-band kalla the Soul Giants. Zappa sa mange år seinare at Wilson signerte gruppa i den tru at dei var eit kvitt bluesband.[1][2] Musikarane som spelar på albumet er Ray Collins, i lag med bassist Roy Estrada, trommeslagaren Jimmy Carl Black og gitaristen Elliot Ingber, som seinare vart med i Captain Beefheart sitt Magic Band med namnet Winged Eel Fingerling.[3][4]
Det opphavlege repertoaret til bandet bestod av andre sine rhythm and blues-songar, men då Zappa kom med i bandet oppfordra han dei til å spele sine eigne songar, og namnet vart endra til The Mothers.[5] Musikalsk inneheld Freak Out! rhythm and blues, doo-wop[6] og standard bluesaktig rock med orkesterarragnement og avantgarde lydmontasjar. Sjølv om albumet først vart dårleg motteke i USA, vart det ein suksess i Europa. Det fekk kultstatus i Amerika, der det selde forholdsvis godt til det gjekk ut av opplag tidleg i 1970-åra.
I 1999 vart det æra med ein Grammy Hall of Fame Award,[7] og i 2003 sette Rolling Stone albumet på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[8] I 2006 kom The MOFO Project/Object, ein lyddokumentar om korleis albumet kom til, i høve 40-årsjubileet.[9][10]