François Louis de Rousselet, marquis de Châteaurenault[lower-alpha 1] (1637–15. november 1716) var ein fransk viseadmiral, marskalk av Frankrike og adelsmann.
François Louis de Rousselet-Châteaurenault | |||
| |||
Fødd | 22. september 1637 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Château-Renault | ||
Død | 15. november 1716 | ||
Dødsstad | Paris | ||
Rang | admiral | ||
Konfliktar | Den fransk-nederlandske krigen, Slaget ved Bantry Bay, Slaga ved Barfleur og La Hogue, Slaget ved Vigobukta, Slaget ved Vélez-Málaga |
I ungdomen kjempa han i slaget ved the Dunes i 1658 mot spanjolane. I 1661 gjekk hann i den franske marinen og utmerkte seg i erobringa av Jijel under François de Vendôme de Beaufort (23. juli 1664).
I 1672 vart han kaptein på sitt eige skip og kjempa i Middelhavet mot sjørøvarar frå Salé. I 1673 leia han ein skvadron i Nordsjøen og kjempa mot Michiel de Ruyter i 1675. I 1677 segla han langs spanskekysten med berre seks skip og klarte å stå imot eit åtak frå ein flåte av 25 nederlandske skip under Cornelis Evertsen den yngre.
Under niårskrigen gjekk han i land med ein fransk arme i Irland etter å ha slått admiral Herbert i slaget ved Bantry Bay. Eit år seinare, etter ekspedisjonen mislukkast, evakuerte han den franske armeen i tillegg til 18 000 irar.
Han kjempa så i slaget ved Beachy Head i 1690 og slaget ved Lagos i 1693.
De Châteaurenault vart viseadmiral i 1701 og kommanderte den franske flåten under slaget ved Vigobukta (1702). Flaggskipet hans «La Forte» vart sett i brann under slaget.
Han vart guvernør i Bretagne i 1704.
Merknadar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «François Louis de Rousselet, Marquis de Châteaurenault» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.