fransk cembalospelar, organist og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
François Couperin (10. november 1668–12. september 1733) var ein vidkjend fransk cembalospelar, organist og komponist av fransk barokkmusikk.
François Couperin | |||
| |||
Fødd | 10. november 1668 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 11. september 1733 (64 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Opphav | Frankrike | ||
Sjanger | barokkmusikk | ||
Instrument | orgel, fiolin | ||
Verka som | komponist, organist, gambist, cembalist | ||
Far | Charles Couperin | ||
Born | Marie-Madeleine Couperin, François-Laurent Couperin, Marguerite-Antoinette Couperin |
Han var òg kjend som Couperin le Grand, det vil seie ‘den store’, for å skilje han ut frå dei andre evnerike medlemmene av Couperin-familien, på grunn av den uvanlege virtuositeten hans på pipeorgel og cembalo.
Couperin vart fødd i Paris. Han vart undervist av far sin, Charles Couperin, som døydde då Francois var 10, og av Jacques Thomelin. I 1685 vart han organist i Saint-Gervais-kyrkja i Paris, ei stilling han arva av far sin og som han skulle vidareføre til syskenbarnet, Nicolas Couperin. Andre medlemmer av familien skulle halde den same posisjonen i seinare år. I 1693 tiltredde Couperin for læraren sin Thomelin som organist i Chapelle Royale (det kongelege kapellet) med tittelen organiste du Roi, organist etter avtale med kongen. Dette var solkongen, Ludvig XIV.
I 1717 vart Couperin hofforganist og komponist, med tittelen ordinaire de la musique de la chambre du Roi. Med sine kollegaer gav Couperin vekentlege konsertar, vanlegvis på sundagar. Mange av desse konsertane var suitar for fiolin, gambe, obo, fagott og cembalo.
Couperin skreiv over 240 rikt ornamenterte cembaloverk som han samla i 27 Ordres og utstyrte enkeltsatsane med titlar som skulle vise til karakteren i stykket.
I tillegg komponerte han motettar, chansons, to orgelmesser, triosonatar og dei programmatiske kammermusikkverka Apothéose dei Corelli og Apothéose dei Lully.
Det einaste teoretiske verket hans er L'art dei toucher le clavecin (kunsten å spele cembalo) som inneheld forslag til fingersetning, ornamentering og annan cembaloteknikk. Johann Sebastian Bach lærte seg Couperins fingersetningsteknikk, mellom anna ved å byrje å ta i bruk tomlane til å spele med.
To messer (1690)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.