Fooling Yourself (The Angry Young Man)
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» er ein song av Styx og den andre singelen deira frå albumet The Grand Illusion (1977). Singelen nådde 29. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA i april 1978. Han nådde òg 20. plassen på RPM Top Singles-lista i Canada i mai 1978.
Fooling Yourself (The Angry Young Man) Singel av Styx frå albumet The Grand Illusion | ||
B-side |
The Grand Finale | |
---|---|---|
Utgjeve | Februar 1978 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 5:29 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Tommy Shaw | |
Styx-kronologi | ||
«Come Sail Away» (1977) |
Fooling Yourself (The Angry Young Man) |
«Blue Collar Man» (1978)
|
Songen var skriven av gitaristen Tommy Shaw. Songen var opphavleg basert på korleis Shaw såg på DeYoung som ein «sint, ung mann» som såg på suksessen til gruppa med eit skeptisk auge som vart sint eller deprimert med kvart tilbakeslag.
Komposisjonen har fleire taktartar. Introen og avslutninga er i 6/8-takt med den akustiske gitaren til Shaw og synthesizermelodiane til DeYoung. Versa er i 4/4-takt, medan instrumentalen med ein synthesizersolo er i 7/4- eller 7/8-takt.