Ein folkehelt er ein type helt som blir beundra av folk, vanlegvis på grunn av store bedriftar.[1] Ein slik helt kan byggje på ein verkeleg, oppdikta eller mytologisk person,[2] og blir rekna som viktig av ei folkegruppe eller mindre samfunnsgruppe. Ein folkehelt kan også vera ein nasjonalhelt.

Thumb
Tordenskjold, ein dansk-norsk folkehelt avbilda med ein statue i Stavern.
Thumb
Jeanne d'Arc til hest i ein manuskripillustrasjon frå 1505. Martyren og helgenene Jeanne d'Arc er ei nasjonal heltinne i Frankrike.
Thumb
Under den store depresjonen fekk bankranarane Bonnie og Clyde status som folkeheltar.

Den einaste eigenskapen som skil ein populær heilt frå andre karakterar, er viktigheita av namnet hans, personlegdommen hans og handlingar i den kollektive fantasien. Dette nærværet i populært medvit blir bekrefta av referansane til denne karakteren i folkesongar, soger og andre former for folkeminne eller poulærkulturelle former som litteratur og media.

Sjølv om nokre folkeheltar har vore verkelege historiske skikkelsar, er dei vanlegvis ikkje det. Fordi liva til desse folkeheltane vanlegvis ikkje er baserte på historiske oppteikningar, blir eigenskapane og gjerningane deira ofte overdrivne til mytologiske proporsjonar.

Folkehelten byrjar ofte livet sitt som ein normal person, men blir forvandla til ein framståande person av viktige hendingar, ofte som svar på sosial urettferd, konflikt eller nokre gonger naturkatastrofar. Mange er populære talsmenn mot undertrykking eller korrupsjon i den eksisterande maktstrukturen; fleire medlemmer av denne heltekategorien har vore fredlause. Same person kan også vera både folkehelt og folkeskurk (engelsk folk devil), anten blant ulike grupper eller til ulike tider.[3][4]

Tydeleg oppdikta folkeheltar

  • Pecos Bill - USA, cowboy-kjempe i Det ville vesten
  • Paul Bunyan - kjempe-tømmerhoggar i skogane i nord
  • Martín Fierro - Argentina, helt i diktet av same namn av José Hernández
  • Koba - Georgia, folkehelt i soge som minnar om den til Robin Hood
  • Alfred Bulltop Stormalong - USA, kjempemessig sjømann med eit skip så stort at det butta mot månen
  • Chen Zhen - Kina, kampsortutøvar som slost mot japansk makt i Shanghai

Mogleg oppdikta fokeheltar

  • Kong Arthur - britisk sogekonge
  • Cúchulainn - Irland, legendarisk helt i Ulster-syklusen
  • Fionn mac Cumhaill - Irland, krigar, leiar for Fianna. Hovudperson i Oisin-syklusen.
  • Till Eulenspiegel eller Tijl Uilenspiegel - Tyskland og Nederland, gjøglar
  • Fong Sai-Yuk - Kina, kampsportutøvar
  • Homer - forfattar av Iliaden og Odysseen.
  • Hong Xiguan - Kina, kampsportutøvar
  • Ned Ludd – Storbritannia, leiar for luddittane på 1810-talet
  • Nai Khanom Tom - Thailand, kampsportutøvar (muay thai)
  • John Henry - USA, svært sterk afro-amerikanar
  • Robin Hood - England, fredlaus knytt til å «ta frå dei rike og gje til dei fattige»
  • Rummu Jüri - Estland, fredlaus som tok frå dei rike og gav til dei fattige
  • Sigur Fåvnesbane eller Siegfried - germansk mytologi, helt som slost mot ein drake
  • Fa Mulan - Kina, heltinne som kledde seg ut som mann for å gå inn i hæren
  • Molly Pitcher - USA, heltinne under sjølvstendekrigen
  • Wilhelm Tell - Sveits, helt då landet var under austerriksk styre
  • Nasruddin Hodja - muslimsk vis lurendreiar

Historisk dokumenterte folkeheltar

Kronologisk liste
  • Spartakus (d. 71 f.Kr.), trakisk gladiator i spissen for det største slaveopprøret mot Den romerske republikken
  • Brian Boru (d. 1014), irsk konge, sigra over danane i slaget ved Clontarf.
  • William Wallace (d. 1305), skotsk riddar og regent som leia eit opprør mot England på 1300-talet
  • Jan Žižka (1360–1424), tsjekkisk riddar, hærkommandant i Husittarkrigane
  • Jeanne d'Arc (1412—1431), fransk bondejente som leia den franske hæren under Hundreårskrigen etter å ha hevda at heilage røyrte fortalde henne at det var Guds vilje. Ho blei brend som kjettar og rekna som martyr og seinare helgen. Ho er no vernehelgen for Frankrike.
  • Engelbrekt Engelbrektsson (d. 1436), svensk opprørar og ei kort tid regent på 1400-talet
  • Skanderbeg (1405–1468), albansk nasjonalhelt som leia den folkelege motstanden mot Det osmanske riket
  • Dulla Bhatti (d. 1599), panjabisk opprørsleiar eller banditt under Mogulriket. Feira under lohri.
  • Peter Wessel Tordenskjold (1690-1720), dansk-norsk sjøoffiser under den store nordiske krigen
  • Paul Revere (1735-1818), amerikansk gullsmed og patriot under den amerikanske revolusjonen som utførte eit «midnattsritt» for å åtvara om at britane kom.
  • Simón Bolívar (1783–1830), venezuelansk militær og politisk leiar som kjempa for frigjeringa av dei spanske koloniane i Sør-Amerika som blei til statane Venezuela, Bolivia, Colombia, Ecuador, Peru og Panama.
  • Abraham Lincoln (1809–1865), amerikansk president under borgarkrigen, myrda ved eit attentat.
  • Sitting Bull (1831–1890), sjamanleiar for hunkpapa-lakotafolk
  • Joe Hill (1879–1915), amerikans fagforeriningsleiar urettvist dømt og avretta for drap
  • Billy the Kid (1859–1881), amerikansk fredlaus i Det ville vesten
  • Fridtjof Nansen (1861–1930), norsk polarutforskar og humanitæraktivist
  • Mustafa Kemal Atatürk (1881–1938) – grunnleggjar og den fyrste presidenten av Republikken Tyrkia.
  • Che Guevara (1928–1967), argentinsk revolusjonær, forfattar og geriljaleiar i fleire land
  • Martin Luther King jr. (1929–1968), amerikansk pastor, symbol på kampen for borgarrettar for afroamerikanarar
Utan nøyaktig dato
  • Johnny Appleseed – USA, kjend for å spreia eple til store delar av Ohio, Indiana og Illinois
  • Arminius – germansk høvding som nedkjempa den romerske hæren i slaget ved Teutobourg
  • Mujahid Dokubo-Asari - Nigeria, politisk skikkelse som kjempar mot oljeselskap i Niger-deltaet
  • Black Hawk – Midtvesten i USA, sauk-krigar som stod imot europeisk busetnad
  • Bonnie og Clyde – USA, ranarar på 1930-talet
  • Boudica - Storbritannia, krigardronning som leiar eit opprør mot romarane i Britannia
  • Daniel Boone – USA, slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet, amerikansk nybyggar.
  • Calamity Jane – USA, kvinne i Vesten
  • Fru Xian (Ch'iao Kuo) – Kina, adelskvinne og krigar
  • Joseph Cinqué – mendemann frå Vest-Afrika som leia eit slaveopprør på skipet «Amistad»
  • Davy Crockett – USA, pelsjegar og kongressmedlem, døydde i slaget ved Alamo
  • Nils Dacke – Sverige, leiar for eit bondeopprør på 1500-talet
  • Zerai Deres – Eritrea, kjend for hemnen sin mot italienske fascistar
  • Ahmad Shâh Durrani – grunnla det afghanske Durraniriket
  • José Gaspar Rodríguez de Francia - fyrste konsulen av Paraguay
  • Geronimoapachekrigar, slost mot den amerikanske hæren for å verna folket og landet sitt
  • Owain Glyndŵr - Wales, fyrste som leia eit opprør mot England
  • Simo Häyhä – finsk skarpskyttar under Vinterkrigen
  • Wild Bill Hickok – USA, vigilante, banditt, spelar, speidar, borgarkrigssoldat, slavemotstandar
  • Andreas Hofer – Austerrike, tirolsk helt som stod imot bayerarane og Napoléon
  • Ned Kelly – Australia, fredlaus
  • Lampião – Brasil, fredlaus, leiar for ei cangaçogruppe
  • Juan Moreira - Argentina, fredlaus kjend for store evner med kniv, rekna som ein viktig figur i argentinsk historie
  • Maharana Pratap – India, radjput-leiar på 1500-talet
  • Pazhassi Raja – India, slost mot den britiske kolonimakta i Kerala med geriljataktikk
  • Louis Riel – Canada, grunnla Manitoba, leia to opprør mot Dominion of Canada
  • Dorus Rijkers – Nederland, sjømann som redda meir enn 500 menn, kvinner og barn som kaptein på ein redningsbåt på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet
  • Mir Chakar Rind - Pakistan, balotsj-leiar og folkehelt frå 1500-talet nemnd i historia Hani og Sheh Mureed
  • José Rizal – Filippinane, kritikar av spanske kolonisatorar, skote i Bagumbayan (no Rizal Park)
  • Rob Roy – skotsk fredlaus
  • Juan Santamaría – costaricansk nasjonalhelt
  • Sarutobi Sasuke – Japan, akrobatisk spion som skal ha blitt oppdratt av aper og utdanna som ninja i provinsane Iga og Koga under gullalderen til ninjaene.
  • Laura Secord – Canada, heltinne frå 1812-krigen
  • Daniel Shays – amerikansk bonde som leidde Shay-opprøret mot gjeld og skatt på slutten av 1700-talet
  • Soapy Smith – banditt i Colorado og Alaska.
  • Nat Turner – leia Nat Turner-opprøret (eller «oppreisten i Southampton»), eit slaveopprør i Southampton i Virginia i august 1831
  • Dick Turpin – England, landevegsrøvar
  • Vercingétorix - høvding for Arvernes-stammen som sameinte gallarane i eit opprør mot romarane
  • Viriatus – Portugal, leiar for iberiske stammar som slost mot romarane
  • Wong Fei Hung – kinesisk lege, kampsportsutøvar og revolusjonær
  • Huo Yuanjia – kinesisk kampsportsutøvar
  • Sam Steele - Canada, politimann som verka i Vest-Canada og Yukon.
  • Big Joe Mufferaw - Canada, fransk kanadisk tømmerhoggar i Ottawa.
  • Marko Mrnjavčević - serbisk konge og leiar for Makedonia, tradisjonell vernar av kristne under det osmanske herredømet over Balkan.
  • Hekimoğlu – tyrkisk folkehelt som leia ein kampanje mot føydalherrar.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.