From Wikipedia, the free encyclopedia
Fluga (frå latin Musca) er eit mindre stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.
Fluga | |
---|---|
Latinsk namn | Musca |
Forkorting | Mus |
Genitivsform | Muscae |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 12,5 h |
Deklinasjon | −70° |
Areal | 138 kvadratgrader nr. 77 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | α Mus (2,69. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +10° og −90° | |
Bildet var eitt av tolv skapte av Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman mellom 1595 and 1597, og blei først skildra i Uranometria av Johann Bayer i 1603.
Ei av stjernene i bildet er dobbeltstjerna Nova Muscae 1991, der den eine stjerna er eit svart hòl. Mange av dei lyssterke stjernene i stjernebiletet er ein del av Skorpionen–Kentauren-samanslutninga, ei laus gruppe av varme, blåkvite stjerner som verkar å ha same opphav og rørsle gjennom Mjølkevegen. Desse er mellom andre Alfa, Beta, Gamma, Zeta2 og (truleg) Eta Muscae, i tillegg til HD 100546, ei blåkvit Herbig Ae/Be-stjerne som er omgjeve av ei kompleks fragmentskive med ein stor planet eller brun dverg og kanskje ein protoplanet. To andre stjernesystem har òg planetar. Stjernebiletet inneheld to kefeidar som er synlege for det nakne auga. Theta Muscae er eit trippelt stjernesystem, og den mest lyssterke er ei Wolf–Rayet-stjerne.
Fluga grensar til Sørkrossen i nord, Kjølen i vest, Kamelonen i sør, Paradisfuglen og Passaren i aust og Kentauren i nordaust. Det dekkjer 138 kvadratgrader og 0,335 % av nattehimmelen. Det er rangert som det 77. største av de 88 stjernebileta.[1]
Sør-søraust for Acrux i nabostjerneteiknet Sørkrossen ligg Alfa Muscae.[2] Ho er is den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,7. Ho ligg kring 310 lysår unna og er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B2IV-V, som er kring 4520 gonger så lyssterk og 8 gonger så massiv som sola. Stjerna er ei Beta Cephei-variabel med kring 4,7 gonger sol-diameteren, og pulserar kvar 2,2 timar med ein variasjon på 1 % i lysstyrken. Ei nærliggande stjerne med storleiksklasse 13 er kanskje ei følgjestjerne.[3] Gamma Muscae,[2] er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B5V som varierer mellom storleiksklassane 3.84 og 3.86 over ein periode på 2,7 dagar. Ho er ein annan type variabel, klassifisert som ei langsamt pulserande B-stjerne.[4] Ho er kring fem gonger så massiv som sola vår.[5]
Beta Muscae er ei dobbeltstjerne kring 341 lysår unna som består av to blåkvite hovudseriestjerner med spektralklassar B2V og B3V som krinsar rundt kvarandre med ein periode på 194 år. Dei er åtte og seks gonger så massive som sola, og har kring 3.5 gonger så stor diameter.[6] Zeta2 Muscae er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A5V kring 330 lysår unna jorda.[7] Ho er ein del av eit trippelt stjernerystem med lyssvake følgjestrjerner i ein avstand på 0,5 og 32,4 bogesekund.[8] Eta Muscae er eit fleirstjernerystem, der dei to hovudkomponentaane dannar ei formørkande binærstjerne som har ein samla spektralklasse på B8V og storleiksklasse på 4.77 som fell 0.05 storleiksklasse kvar 2.39 dag.[9]
Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3.62, er Delta ei oransje kjempe med spektralklasse K2III som ligg kring 91 lysår unna.[10] Epsilon Muscae er ei raud kjempe med spektralklasse M5III og halvregulær variabel som varierer mellom storleiksklassane 3.99 og 4.31 over kring 40 dagar.[11] Ho har utvida seg til 130 gonger soldiameteren og 1800 til 2300 av lysstyrken. Ho var ei stjerne som opphavleg var 1,5 til 2 gonger så massiv som sola vår. Sjølv om har liknande avstand, kring 302 lysår, som stjernene i Nedre Kentauren Sørkrossen undergrupper, flyttar ho seg mykje raskare, kring 100 km/s og har ikkje same opphav som desse.[12] I nordvest ligg Mu Muscae, ei oransje kjempe med spektralklasse K4III som varierer mellom tilsynelatande storleiksklasse er 4.71 og 4.76 og har blitt klassifisert som ei langsam irregulær variabel.[13] Nær Mu ligg Lambda Muscae, den tredje mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A7V kring 128 lysår unna jorda.[14]
Nær Alfa ligg R Muscae,[2] ein klassisk kefeide som varierer frå tilsynelatande storleiksklasse 5.93 til 6.73 over 7.5 dagar. Ho er ei gulkvit superkjempe som varierer i spektralklassar F7Ib og G2Ib,[15] og ligg kring 2037 lysår unna.[16] S Muscae er òg ein klassisk kefeide, ei gulkvit superkjempe som varierer i spektralklassar F6Ib og G0Ib og storleiksklassar 5.89 til 6.49 over ein periode på 9.66 dagar.[17] Ho er ei lyssterk stjerne kring 5,9 gonger så massiv som sola, og er ei dobbeltstjerne med ei blåkvit hovudseriestjerne som truleg har spektralklasse B3V til B5V med ein masse like over 5 solmassar,[18] ei av dei varmaste og mest lyssterke følgjestjernene til ein kefeide som er kjend. Dei to stjernene krinsar kring kvarandre kvar 505. dag.[19]
Theta Muscae er eit trippelt stjernerystem som ligg kring 7 500 lysår unna.[20] Ho består av eit spektroskopisk binærstjerne -system som består av Wolf–Rayet-stjerna (spektralklasse: WC5 or 6) og ei O-type hovudseriestjerne (spektralklasse: O6 or O7) som krinsar rundt kvarandre på 19 dagar og ei blå superkjempe (spektralklasse: O9.5/B0Iab) kring 46 millibogesekund frå kvarandre. Om den estimerte distansen frå jorda er nøyaktig, så ligg dobbeltstjernene berre 0,5 astronomiske einingar (AU) frå kvarandre og superkjempa kring 100 AU frå dei igjen.[21] Alle tre er særs lyssterke, og samla skin dei truleg over ein million gonger så sterkt som sola.[20] TU Muscae er ei dobbeltstjerne kring 15 500 lysår frå jorda med to varme, lyssterke, blå hovudseriestjerner med spektralklassar O7.5V og O9.5V,[22][23] og massar 23 og 15 gonger sola. Stjernene ligg så tett at dei r i kontakt med kvarandre (kontakt binær) og er klassifisert som ein Beta Lyrae-variabel sidan lyset deira varierer frå jroda når dei formørkar kvarandre.[22] Systemet varierer frå tilsynelatande storleiksklasse 8.17 til 8.75 over kring 1.4 dagar.[24]
Nova Muscae 1983 eller GQ Muscae er eit binærsystem som består av ein kvit dverg og ei lita stjerne som er kring 10 % så massiv som sola. Dei to krinsar rundt kvarandre kvar 1,4 timar. Den kvite dvergen hentar materiale frå følgjesstjerna via akkresjonsskjeva. Etter ei viss mengd har blitt akkumulert, får stjerna eit utbrot, som ho gjorde i 1983, då ho nådde ein storleiksklasse på 7,2.[25] Stjerna vart oppdaga med ein storleiksklasse på 7,1 den 18. januar 1983,[26] og var den første novaen som det vart oppdaga røntgenstråler frå.[27] Røntgennovaen GRS 1124-683 (òg kalla Nova Muscae 1991) er eit binært objekt som består av ei oransje hovudseriestjerne (GU Muscae) med spektralklasse K3V–K4V og eit svart hòl på kring 6 solmassar.[28] Under utbrotet i 1991, som førte til at systemet vart oppdaga, vart det produsert stråling gjennom ein prosess med positron-annhilering.[29] GR Muscae er ei røntgenkjelde som består av ei nøytronstjerne som er mellom 1,2 og 1,8 gonger så massiv som sola våt, og ei stjerne med masse kring sola vår i tett omlaup.[30] SY Muscae er eit symbiotisk stjernesystem som består av ei raud kjempe og ein kvit dverg, der den større stjerna overfører masse til den mindre, utan periodiske utbrot eller akkresjonsskive.[31] Stjernesystemet varierer i storleik frå 10.2 til 12.7 over ein periode på 624,5 dagar.[32]
Ein har oppdaga tre stjernesystem med exoplanetar. HD 111232 er ei gul hovudseriestjerne kring 78 % så massiv som sola og kring 95 lysår unna. Ho har ein planet (HD 111232 b) som er kring 6,8 gonger massen til Jupiter med ei omlaupstid på kring 1143 dagar.[33] HD 112410 er ei gul kjempe med spektralklasse G8III som ligg kring 439 lysår unna.[34] Med ein masse på kring 1,54 gonger massen til sola vår, vert ho kjølt ned og utvidar seg i raud kjempe-retninga, etter å ha forlate hovudserien då hydrogenet i kjernet er brukt opp. Ho har ein planet med masse som er 9,2 gonger massen til Jupiter og ei omlaupstid på 124,6 dagar i ein avstand på kring 0,57 AU.[35] Yet another member of the Lower Kentauren Sørkrossen subgroup,[36] HD 100546 er ei ung blåkvit Herbig Ae/Be-stjerne med spektralklasse B9V, den nærmaste av desse stjernene til jorda, kring 320 lysår unna.[37][38] Ho er omgjeve av ei fragmentskive i ein avstand frå 0,2 til 4 AU, og igjen frå 13 AU ut til nokre få hundre AU, med spor av ein protoplanet som dannar seg i ein avstand på kring 47 AU.[37] Det er eit hol på mellom 4 og 13 AU, som verkar å innehalde ein stor planet som er kring 20 gonger massen til Jupiter,[39] men vidare undersøkingar av disken indikerer at det kan vere eit meir massivt objekt, som ein brun dverg eller meir enn ein planet.[40] LP 145-141 er ein kvit dverg som ligg 15 lysår unna—den fjerde nærmaste til solsystemet vårt.[41] Denne vert rekna som ein god kandidat til å ha Jupiter-liknande planetar, på grunn av nærleiken og massen.[42]
Ved grensa til Passaren er ei uvanleg planetarisk tåke NGC 5189,[43] estimert til å liggje kring 1750 lysår frå jorda.[44] Den komplekse strukturen kjem av fleire utkastingar av materiale frå den aldrande stjerna i midten, som er forvrengd av det som truleg er ei følgjestjerne.[45] 2,4° aust for Eta Muscae med storleiksklasse 12,9, ligg Timeglaståka (MyCn 18),[46] som ligg kring 8000 lysår unna jorda.[47] Vest for Eta ligg IC 4191, ei kompakt blåaktig planetarisk tåke med storleiksklasse 10,6,[48] thought to lie kring 10 750 lysår frå jorda.[49] Vest for Epsilon Muscae ligg NGC 4071, ei stor, diffus planetarisk tåke med storleiksklasse 12.7 og ein sentral stjerne med storleiksklasse 12,[48] som ein trur ligg kring 4000 lysår frå jorda.[49] Kolsekktåka er ei mørk tåke som hovudsakleg ligg i nabostjernebiletet Sørkrossen og over grensa til Fluga.[50] NGC 4463 er ein open hop som ligg sørvest i biletet.[51] Ho er kring fem lysår på tvers og ligg kring 3400 lysår unna.[1]
Den forholdsvis gamle kulehopen NGC 4833 nær Delta Muscae vart katalogisert av Lacaille i 1755.[43] Ho ligg 21 200 lysår unna og er noko formørka av ei støvsky nær det galaktiske planet. Kulehopen NGC 4372 nær Gamma Muscae er meir lyssvak og på same måte delvsi dekt av støv, men strekkjer seg fleire bogeminutt.[52] Han ligg 18 900 lysår frå jorda og 23 000 lysår unna sentrum av Mjølkevegen. Han har ekstremt låg metallisitet som indikerer at han er særs gammal - ein av dei eldste hopane i Mjølkevegen.[53] Dark Doodad-tåka strekkjer seg sørover og liknar ein mørk L gjennom eit lys felt av stjerner.[54] Ei anna mørk tåke i stjernebiletet er BHR 71.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.