Flåm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flåm er ei bygd og eit kyrkjesokn i Aurland kommune i Vestland. Bygda ligg inst i Aurlandsfjorden og er mest kjend for Flåmsbana som går mellom Fretheim, som området nedst ved fjorden eigentleg heiter, og Myrdal. Frå fjordbotn strekkjer Flåmsdalen seg oppover mot høgfjellet. Gjennom dalen renn Flåmselvi. Den eigentlege Flåmsgrenda ligg eit stykke oppe i Flåmsdalen, kring tre kilometer frå fjorden, og her ligg Flåm kyrkje frå 1670.[1]
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Flåm | |||
stad | |||
Flåm jarnbarnestasjon og Fretheim hotel sett frå eit cruiseskip ved kai | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Postnummer | 5743 FLÅM | ||
Preposisjon | i Flåm | ||
Flåm 60.86°N 7.1119444444444°E / 60.86; 7.1119444444444 | |||
Wikimedia Commons: Flåm | |||
Lukk
Flåmsbana er populær mellom turistar og mange kombinerer turen med bana med ein båttur på Nærøyfjorden. Flåm mottok i 2012 200.000 cruisepassasjerar, og Flåm er dermed landets femte største cruisehamn (bak Bergen, Geiranger, Oslo og Stavanger).[2]
Mikrobryggeriet Ægir Bryggeri starta i Flåm i 2007.