From Wikipedia, the free encyclopedia
Fennikel er ein fleirårig urt i skjermplantefamilien. Han er ein inntil 1 meter høg plante med blågrøne, findelte blad og gule blomar i store skjermar utan stor- eller småsveip. Fennikel stammar frå middelhavsområdet og finst av og til forvilla på avfallsplassar i Noreg. Fleire underartar, krydderfennikel, F. vulgare ssp piperitum, knollfennikel, F. vulgare ssp azoricum, med fortjukna bladslire og -stilk, og hagefennikel, F. vulgare ssp dulce. Minifennikel er små og avlange.
Fennikel | |
Fennikel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Foeniculum |
Art: | Fennikel F. vulgare |
Vitskapleg namn | |
Foeniculum vulgare |
Den eteriske olja i fruktene har sterk, aromatisk lukt og søt smak, og har sidan oldtida vore brukt som smaksstoff og i medisinen.
Fennikel kan brukast også som grønsak, rå eller kokt. Det mjuke, saftige fruktkjøtet har ein søtaktig smak, som anis. Blada kan brukast som smakstilsetjing i salatar, og som pynt. Friske skot kan brukast som dill. Fruktene er brukt som krydder i bakverk og frøa i forskjellige retter av kjøt, fisk og sopp. Fenikkel innehelt om lag 31 mg vitamin C, 396 mg kalium, 3,3 g kostfiber, 90 % vatn, 0,4 g feitt og 110 kJ tilført energi per 100 g etande vare.
Namnet fennikel er frå lågtysk, eigentleg diminutiv av latinsk foenum, 'høy'.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.