From Wikipedia, the free encyclopedia
Fedaelva er ei elv i Kvinesdal og Flekkefjord kommune i Agder fylke. Elva har kjelder nord for Gyland og renn sørover til ho munnar ut i Fedafjorden ved Feda.
Fedaelva | |||
elv | |||
Fedaelva med båtstø og Helleberget i bakgrunnen. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommunar | Kvinesdal, Flekkefjord | ||
Sideelvar | Kjeåna, Netlandsåna, Råna, Skålandsåna | ||
Lengd | 34,1[1] km | ||
Middelvassføring | 11,3[2] m³/s | ||
Kjelde | Stemtjørn | ||
• høgd | 453 moh. | ||
Munning | Fedafjorden ved Feda | ||
Fedaelva 58.275644°N 6.820822°E | |||
Wikimedia Commons: Fedaelva | |||
Elva har utspring frå Stemtjørn, sørvest for Krågeland. Ho renn sørover gjennom ein trong og for det meste skogkledd dal ned til Urddalsvatnet, og vidare ned til Gyland. Her blir dalen vidare og flatare, og elva renn i eit meanderløp gjennom jordbruksområda ned mot Kongevollvatnet. Der dannar ho eit elvedelta ved munningen.[3]
Etter Kongevollvatnet, der Fedaelva tek imot fleire sideelvar, renner ho vidare mot sør, først gjennom ei rekkje små, avlange vatn og loner, før ho gjennom Frøytlandsfossen, Høylandsfossen og Holefossen fell ned mot tettstaden Feda. Etter Holefossen renn elva sørover gjennom Feda, og på denne siste strekningen før munningen har elva svært lite fall og inneheld brakkvatn. Elva deler bygda i to, med dei fleste innbyggjarane på solsida. Langs denne delen av elva ligg ei rekkje bustader, sommarhus og dei karakteristiske sjøbuene. I denne delen av Vest-Agder er det lite forskjell i tidvatnet, og dette legg til rette for denne typen sjøbuer med båtparkering.
Elva rann ganske høgt i 2016, og både øydela den gamle brua frå Sørlandske hovedvei og forårsaka at mange båtstøer blei oversvømde, då det blei springflod samtidig.
I 1948 blei Høylandsfossen utbygga til kraftproduksjon og Kongevollvatnet blei regulert som magasin for Høylandsfoss kraftverk. I 2013 blei det gott konsesjon for bygging av Frøytlandsfoss kraftverk, og til å utvida Høylandsfoss kraftverk.[4]
Fedaelva var tidlegare ei god lakseelv, men fisket blei dårlegare. Tidlegare var elva open for laksefiske i august,[5] men i 2011 stengde fylkesmannen Fedaelva for fiske sidan det ikkje fanst noka fangstrapportering.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.