Ei fase-arrangert antenne er til vanleg eit arrangement av mange mindre antenner som ved elektronisk tilpassing skapar ein elektromagnetisk stråle som kan styrast mot ulike punkt utan at antenna treng bevege seg fysisk.[1][2][3][4][5][6][7][8]
Animasjonen visar korleis fase-arrangementet verkar. Det er eit spesielt arrangement av mindre antenner eller antenne-element (A) som vert tilførte radiosignal frå ein radiosendar (TX). Fødestraumen går igjennom ein faseskiftar(φ), som er kontrollert av eit dataprogram (C). Den raude streken som bevegar seg syner bølgefronten til radiobølgene som strålar ut frå kvart element. Denne individuelle bølgefronten er sfærisk, men kombinert vil radiobølgene danne ein felles stråle som raskt kan skifte retning. I Røynda går dette enormt mykje snøggare enn animasjonen viser.