From Wikipedia, the free encyclopedia
Fang, alternativt fãn eller pahouin, er eit jordbrukande bantufolk frå Ekvatorial-Guinea, sørvestre Kamerun, nordvestre Gabon og São Tomé og Príncipe. Overslag over folketalet deira varierer mellom 1 og 3 millionar.[1][2] Dei utgjer kring 85 % av alle innbyggjarane i Ekvatorial-Guinea, der dei dermed er den største folkegruppa.[3] Dei er også den største folkegruppa i Gabon, der dei utgjer rundt ein firedel av innbyggjarane.[4]
Kunstverk laga av fangfolk, særleg av tre, jern og kleberstein, er regionalt kjende. Dei utskorne tremaskene og idolfigurane deira er blitt stilte ut ved museum over heile verda.[5][6]
Etter tradisjonen innvandra fangfolket til det noverande leveområdet sitt tidleg på 1800-talet. Dei var eit krigarfolk som fekk rykte på seg for å vera kannibalar, noko som ved avskrekking hjelpte dei til å få kontroll over nye landområde og halda fiendar på avstand.[2][7] På den andre sida bidrog ryktet om kannibalisme også til å rettferdiggjera mishandling og slavehald av dei. Seinare etnologar som har brukt tid i lag med fangfolk har funne at bein og skallar dei hadde framme og i treboksar var æra leivningar av forfedrane deira, ikkje prov på kannialisme.[8]
Den tradisjonelle religionen til fangfolk er sentrert rundt forfedrane, som ein trur utøver makt i livet etter dette. Relikt etter tidlegare leiarar i form av skallar og lange bein blir trudd å hjelpa familien med å behalda makta og bli ved helse.[7]
I 1939 blei fangfolket rekna for å vera blitt kristna. Men seinare har bwiti, ein kult med element frå kristendom og tradisjonell religion, hatt stor framgang. Heksetru blei eit viktig innslag.[1][2]
Tradisjonelt er fangsamfunnet organisert i klanar utan ei sentral politisk leiing. I Ekvatorial-Guinea og Gabon dominerer fangfolk det politiske livet.[1][2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.