From Wikipedia, the free encyclopedia
Falklandsøyane (engelsk Falkland Islands, spansk Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrt som eit britisk oversjøisk område. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar.
Falklandsøyane | |||
Falkland Islands Islas Malvinas | |||
oversjøisk territorium | |||
|
|||
Motto: «Desire the right» | |||
Nasjonalsong: God save the King | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-Amerika | ||
Hovudstad | Stanley | ||
Areal | 12 200 km² | ||
Folketal | 3 800 (2022) | ||
Språk | engelsk | ||
Guvernør | Colin Roberts | ||
Tidssone | UTC -4 | ||
Domene | .fk | ||
Falklandsøyane 51.73°S 59.22°W | |||
Kart som viser Falklandsøyane.
| |||
Wikimedia Commons: Falkland Islands | |||
Ein guvernør styrer øyane på vegner av styresmaktene i Storbritannia. I tillegg til Falklandsøyane styrer guvernøren òg over øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer òg krav på området, og innlemar dei i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.
Falklandsøyane ligg i sør i Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley eller Port Stanley, ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og hadde om lag 3 800 innbyggjarar i 2022.[1]
Det høgaste fjellet i øygruppa er Mount Adam (698 moh.) på Vest-Falkland.
Den 2. april 1982 invaderte Argentina øyane, noko som utløyste Falklandskrigen. Storbritannia sende ein flåtestyrke og gjenerobra øyane etter harde kampar.[2]
Etter at Storbritannia har teke til å interessera seg for å leita etter olje i farvatna rundt øyane, har Falklandsøyane igjen ført til protestar frå Argentina.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.